Ni'lin
Ni'lin (arabisk نعلين) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 17 km vest for Ramallah. Ni'lin ligg kring 3 km aust for våpenkvilelinja frå 1949 (den grøne linja) og grensa til Deir Qaddis, dei israelske busetjingane Nili og Na'ale i nordaust, landsbyen al-Midya og Modi'in Illit (Kiryat Sefer) i sør, Budrus (4 km) og Qibya (5 km) i nordvest. Det samle landarealet til kommunen kring 14 800 mål og av dette er 660 urbant.[3]
Ni'lin | |||
نعلين, Nilin, Na'alin | |||
kommune | |||
Namneopphav: N'alin, frå na'l, ein sandal[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°56′48″N 35°01′18″E / 31.94667°N 35.02167°E | ||
Areal | 14,8 km² | ||
Folketal | 4 573 (2006)[2] | ||
Folketettleik | 309 / km² | ||
Borgarmeister | Ayman Nafie | ||
Ni'lin 31°56′48″N 35°01′18″E / 31.946605555556°N 35.021647222222°E | |||
Kart som viser Ni'lin.
| |||
Wikimedia Commons: Ni'lin |
Dei fleste innbyggjarane livnærer seg av jordbruk og før den andre Intifada, hadde mange jobbar i anleggsverksemda i Israel.[4] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 4 750 innbyggjarar i 2006.[5]
Han ligg 262 meter over havet og har milde vintrar og varme, tørre somrar med dagtemperaturar i snitt over 32 °C.
Historie
endreI 1596 stod Ni'lin oppført i osmansk skatteregister som ein del av Ramla nahiya i Gaza liwa. Han hadde eit folketal på 72 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, frukttre, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[6]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Ni'lin (kalla N'alin) som ein «stor landsby i høgt lende, omgjeve av oliven, med vassforsyning frå cisterner.»[7]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde landsbyen (kalla Na'lin) eit folketal på 1 160, alle muslimar,[8] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 1249 innbyggjarar, av dette éin kristen og resten muslimar, i 299 busette hus.[9]
I 1945 var folketalet i Ni'lin 1 420, alle arabarar, som eigde 15 875 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 5 921 mål var plantasjar og irrigert land, 3 053 mål vart nytta for korn,[11] medan 29 mål var utbygd (urbant) land.[12]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ni'lin» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Palmer, 1881, s. 240
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
- ↑ ARIJ Arkivert 2009-11-11 ved Wayback Machine. Areas Definition in Oslo II Interim Agreement of September 1995
- ↑ The Environmental status of Ni'lin Village Arkivert 2011-05-19 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem (ARIJ) 2008-01-29
- ↑ Projected Mid -Year Population for Ramallah & Al Bireh guvernement by Locality 2004- 2006
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 155.
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 298
- ↑ J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Underdistrikt of Ramleh.
- ↑ Mills, 1932, s. 22
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 67
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 116
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 166