Opna hovudmenyen

Niels Stockfleth Schultz (14. mars 178030. mai 1832) var ein norsk prest og stortingsmann frå Krødsherad.

Niels Schultz
Res.kap. Niels Schultz (1780–1832).JPG
Fødd14. mars 1780
Krødsherad
Død30. mai 1832
Christiania
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Schultz vart fødd i Krødsherad i Buskerud, der faren hans var prest. Han vart i 1799 student frå katedralskulen i Kristiania. Tre år seinare vart han cand. theol. i København. Under opphaldet deltok han i forsvaret av København i 1801, også i 1807 var han med og forsvara byen, då som kompanisjef. Etter teologieksamen studerte han vidare, samstundes som han var timelærar. I 1804 var han i Tyskland, mellom anna i Berlin.

I 1809 vart Schultz utnemnd til residerande kapellan til Vår Frue kyrkje i Trondheim, eit embete han hadde til han døydde. Han engasjerte seg i skulestellet, fekk godkjent nye planar for realskulen og forbetra søndagsskulen. 1829-32 var han preses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Schultz var representant for Trondheim på det overordentlege storting 1814, på stortinget 1815-16, 1818, 1824, 1827 og på overordentleg storting 1828. I 1814 var han medlem av fullmaktskomiteen og underhandlingskomiteen, 1815-16 mellom anna medlem av kyrkjekomiteen. På stortinget 1818 var president og visepresident i Odelstinget, elles var han medlem av 13 komitear. Han var då formann i protokollkomiteen, og sekretær i komiteen om inskripsjonen på Noregs krune og i komiteen om lærde skular. I 1824 var han visepresident i Odelstinget, medan han i 1827 var president og visepresident i Stortinget. Både i 1824, 1827 og 1828 var han medlem av valkomiteen og fullmaktskomiteen. I 1828 var han med i komiteen om 17. mai.

Schultz døydde på Rikshospitalet i Kristiania i 1832.

KjelderEndra