Niilo Halonen
Kalle Niilo Ponteva Halonen (fødd 25. desember 1940) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Kouvola. Han vann sølvmedaljen i skihopp under vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, og fekk bronsemedalje i storbakken i Zakopane i 1962. Halonen representerte Lahden Hiihtoseura.
Niilo Halonen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 25. desember 1940 (83 år) Kouvola |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1964, Skihopping under Vinter-OL 1960 |
Aktiv
endreHalonen fekk sin meisterskapsdebut heime i Finland då han under ski-VM 1958 i Lahti kom på 14. plass i hopprennet, eit renn som landsmannen Juhani Kärkinen vann. To år seinare deltok Halonen i OL i Squaw Valley og kom på sølvplassen, 4,6 poeng bak olympiameisteren Helmut Recknagel frå Aust-Tyskland. Same sesongen vart Halonen nummer to i Lahti-rennet, to poeng bakom landsmannen Veikko Kankkonen.
Under ski-VM 1962 i Zakopane overraska Halonen då han vann bronsen i storbakkerennet, bakom den suverene verdsmeisteren Helmut Recknagel, samt Nikolaj Kamenskij frå Sovjetunionen.
Halonen deltok i den tysk-austerrikske hoppveka frå 1961 til 1967, med 14. plass i 1963/64 som beste samanlagtplassering. Hans einaste pallplassering i hoppveka oppnådde han i Garmisch-Partenkirchen den 1. januar 1964, der Veikko Kankkonen sigra. Under OL i Innsbruck vart Halonen nummer fjorten i begge hopprenna. Seinare i OL-sesongen vart han nummer tre i Lahti, men var langt bakom vinnaren Kankkonen og nordmannen Torgeir Brandtzæg.
Under ski-VM 1966 i Oslo vart Halonen atter nummer 14 i normalbakken Midtstubakken, men kom på sjuandeplass i sjølve Holmenkollbakken. 6. mars 1966 vann Halonen hopprennet i Lahti, 0,1 poeng framom den doble verdsmeisteren, Bjørn Wirkola frå Noreg. Også i 1967 kunne Halonen klive på pallen i Lahti, då berre slått av Veikko Kankkonen.
Halonen la opp som aktiv skihoppar i 1969.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Niilo Halonen – Profil og resultatoversikt hos FIS