Opna hovudmenyen

Nikolaj G. Basov

russisk fysikar
(Omdirigert frå Nikolaj Basov)

Nikolaj Gennadijevitsj Basov (russisk: Николай Геннадиевич Басов) (fødd 14. desember 1922 i Usman, død 1. juli 2001 i Moskva) var ein sovjetiske fysikar og pedagog.

Nikolaj G. Basov
Basov.jpg
Nikolaj Basov i 1964.
Fødd14. desember 1922
Usman i Lipetsk oblast i Sovjetunionen
Død1. juli 2001 (78 år)
Moskva i Russland
NasjonalitetRussisk
OmrådeFysikk
Yrkefysikar, oppfinnar, professor, politikar
InstitusjonarLebedev-instituttet for fysikk
Det nasjonale universitet for nukleær forskning
Alma materDet nasjonale universitet for nukleær forskning
DoktorgradsrettleiarMikhail Leontovich
Aleksandr Prokhorov
Kjend forLaserar og maserar
UtmerkingarNobelprisen i fysikk (1964)
MedlemAkademie der Wissenschaften der DDR
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det russiske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det bulgarske vitenskapsakademiet
Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet
Indian National Science Academy

Han var assisterande direktør frå 1958 til 1972 og frå 1973 direktør ved Lebedev instituttet for fysikk i Moskva. Frå 1963 var han òg professor i faststoff-fysikk ved Moskva fysikalsk-tekniske institutt. Basov utvikla saman med Aleksandr Prokhorov ein metode for forsterking av elektromagnetiske bølgjer ved å eksitere atom eller molekyl slik at dei etterpå kunne sende ut stråling med same frekvens som den innkomande bølgja (stimulert emisjon). Metoden blir no til nytta forsterkning av mikrobølgjer (masar) og ljos (laser). Han vart samstundes utvikla av Charles Hard Townes i USA, og desse tre vart i 1964 saman tildelt Nobelprisen i fysikk for oppfinninga.

Prisar (utval)Endra

KjeldeEndra