Adolf Henselt
Adolph von Henselt, opphavleg Hänselt, (9. mai 1814–10. oktober 1889) var ein tysk komponist og klavervirtuos frå seinromantikken.
Adolf Henselt | |
Statsborgarskap | Kongedømet Bayern |
Fødd | 9. mai 1814 Schwabach |
Død | 10. oktober 1889 (75 år) Cieplice Śląskie-Zdrój |
Yrke | pianist, komponist |
Språk | tysk |
Adolf Henselt på Commons |
Han var fødd i Swabach, men i 1817 flytta familien til München der Henselt fekk si første musikkundervising. Han starta å spele fiolin berre tre år gammal og klaver som femåring. I 1832 fekk Henselt eit kongeleg stipend av kong Ludwig I av Bayern og studerte i seks månader hos den kjente mozarteleven Johann Nepomuk Hummel i Weimar. Henselt hadde si første offisielle framføring 29. november 1832 i München og fekk strålande omtale.
Fram til 1834 studerte Henselt komposisjon hos Simon Sechter i Wien der han var i to år og vidareutvikla teknikk og virtuositet. I 1836 trefte han Frédéric Chopin i Karlsbad. Etter dette reiste han rundt i fire år og heldt konsertar i tyske og russiske musikksentra. Teknikken hans skal ha vore på eit «svimlande høgt nivå» og det «sjelfulle» foredraget blei høgt lovprisa. Robert Schumann og Franz Liszt uttrykte stor begeistring over komposisjonane hans.
I 1837 oppheldt Henselt seg fleire månader i Breslau. 24. oktober 1837 gifta han seg i Bad Salzbrunn (Schlesien) med Rosalie Manger, ei venninne av Johann Wolfgang von Goethe.
Henselt blei utnemnd til generalmusikkinspektør og hoffpianist for tsarinaa. I dei etterfølgjande førti åra virka han som lærar i Russland og gav viktige impuls til dei russiske klavervirtuosane. I 1876 fekk han ein russisk adelstittel.
Adolph von Henselt døydde av hjartesvikt 10. oktober 1889 under eit kuropphald i Warmbrunn (Schlesien).
Verk i utval
endre- Duo for klaver og cello, op. 14
- Trio for klaver, fiolin og cello, op. 24
- Klaverkonsert i f-moll, op. 16
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på «Adolf Henselt» frå Wikipedia på tysk, den 19. november 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Verk av og om Adolf Henselt i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Internationale Adolph-Henselt-Gesellschaft Arkivert 2012-11-18 ved Wayback Machine.
- Henselt-Archiv Arkivert 2014-05-08 ved Wayback Machine.
- Fritt tilgjengelege notar av Adolf Henselt ved International Music Score Library Project (IMSLP)
- (de)Adolf Hensel på Klassika