Nils Gulliksen Berg

norsk landmålar, sakførar, politimeister og politikar (V)

Nils Gulliksen Berg (21. januar 185217. desember 1926) var ein norsk kartmålar, sakførar, politimann og stortingsmann frå Øvre Sandsvær i Buskerud. På Stortinget representerte han partiet Venstre.

Nils Gulliksen Berg

Fødd21. januar 1852
Død17. desember 1926 (74 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Berg var son til ein arbeidar. Sjølv gjekk han 1871-73 underoffiserskulen i Kristiania, samstundes gjekk han på ein teikneskule. Tida 1874-84 arbeidde han på 'Det private oppmålingskontor' i hovudstaden. Han vart student i 1881 og cand. jur. i 1885. Frå 1885 til 1903 var han sakførar i Holmestrand, der han åra 1889-96 også var byingeniør. Ved sidan av var han 1891-93 redaktør av avisa Luren. Berg var med å stifte Holmestrand og Oplands Aktiebank, der han vart styreformann. Åra 1894-1901 var han medlem av bystyret. Frå 1903 til 1922 var han politimeisterKongsberg. I 1909 vart han vald til leiar av landsforeininga til politimeistrane i Noreg, ein posisjon han hadde til 1922.

Berg var ved fleire høve leiar av ulike anleggsstyre, både under si tid i Holmestrand og på Kongsberg. Han leia utbygginga va telefonanlegget til Holmestrand og omland i 1889-90 og han leia bygginga av elektrisitetsverk for Kongsberg i tida 1911-22. Dessutan var han medlem av anleggsstyret for jarnbanen Holmestrand-Hvittingfoss.

Berg var Kongsberg og Hønefoss sin representant på Stortinget 1913-15. Han var då nestformann i Protokollkomiteen, dessutan var han med i reguleringskomiteen. Perioden 1916-18 representerte han dei same to byane og i tillegg Notodden. Han var i 1916 nestformann i Gasje- og pensjonskomiteen, dei to siste sesjonane var han medlem av Justiskomite nr 2.

Han døydde i heimen sin på Kongsberg i 1926.

Kjelder endre