Nils Hansteen

Nils Severin Lynge Hansteen (29. april 18551. januar 1912) var ein norsk målar som var kjend som ein av dei viktige landskaps- og marinemålarane på andre halvdel av 1800-talet.

Nils Hansteen
Erik Werenskiold - Portrait of the Painter Nils Hansteen - Maleren Nils Hansteen - Nasjonalmuseet - NG.M.01224.png
Fødd 29. april 1855
Mo i Rana
Død

11. oktober 1912 (57 år)
Christiania

Yrke kunstmålar
Far Agathon Bartholomæus Hansteen
Nils Hansteen på Commons

Hansteen var son av soknepresten Agathon Bartholomæus Hansteen og Aletta Schjelderup.[1] Han var fødd i Mo i Rana, og budde her til han var rundt 16. Deretter drog han til Trondheim, der han byrja på ein mekanisk verkstad for å bli ingeniør.[1] I 1873 drog han i staden til Kristiania for å bli målar.[1] Han studerte m.a. under Knud Bergslien og Morten Müller (1873–76) og Peder Cappelen Thurmann (1874–75). Så følgde fleire utanlandsopphald, hos Hans Gude (Karlsruhe, 1876), i München (1877–80), i Italia (1880–81), og dessutan København (1887–92) der han studerte koparstikk.[2]

Måleria til Hansteen har blitt stilt ut i viktige galleri i heile landet, mellom anna Nasjonalgalleriet. Her finn ein det store marinebildet Snetykke (1890).[1] Han teikna òg til julekort, og illustrerte bøker, mellom anna Gamle Visestubber fra Barnekammeret (1897) av Hanna Winsnes.[1]

Hansteen gifta seg med Mimmi Hoffeldt Rytterager i 1886.[1]

Prisar og utmerkingarEndra

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Hagemann, Sonja (20. februar 2017). «Nils Hansteen». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Nils Hansteen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 23. august 2021.