Nils Hjelmtveit

norsk lærar og politikar

Nils Hjelmtveit (21. juli 189230. oktober 1985) var ein norsk skulemann og politikar frå Alversund i Hordaland. Han var kyrkje- og undervisningsminister i Nygaardsvold-regjeringa i perioden 1935-45.

Nils Hjelmtveit

Fødd21. juli 1892
Alversund
Død30. oktober 1985 (93 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lærar
Utdanna vedStord lærarhøgskule
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1925–1927)
  • Norsk kyrkje- og undervisningsminister (1935–1945)
  • ordfører i Stokken (1922–1928)
  • ordfører i Stokken (1931–1937)
  • stortingsrepresentant (1928–1930)
  • vararepresentant til Stortinget (1937–1945)
  • fylkesmann i Aust-Agder (1945–1961) Sjå dette på Wikidata

Far til Hjelmtveit var gardbrukar og i si tid ordførar i Alversund herad. Sjølv gjekk han eit kurs på amtsskulen i Nordhordland, før han i 1910 reiste til Stord der han tok lærareksamen i 1913. Same året flytta han til Eydehavn i Aust-Agder, då han fekk lærarstilling ved Eydehavn skule. Fem år seinare vart han tilsett som styrar ved den same skulen.

Hjelmtveit var medlem i Stokken heradsstyre frå 1920 til -37, ordførar 1923-28 og 1931-33. I hans tid som ordførar innførte kommunen forskotsskatt, og Stokken kommune var den fyrste kommunen som innførte forskotsskatt på løn.

Ved stortingsvalet hausten 1924 vart Hjelmtveit vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet og valkrinsen Aust-Agder. Han vart attvald hausten 1927, men takka nei til attval i 1930. Alle seks sesjonane var han med i Næringskomite nr 2, som nestformann i perioden 1928-30. Han var også medlem av Skattelovkommisjonen av 1929.

Hjelmtveit var ein nær venn av Johan Nygaardsvold. Då Nygaardsvold danna regjering våren 1935 kravde han at Hjelmtveit måtte vere med. Som statsråd i Kyrkje- og undervisningsdepartementet «markerte ikke Hjelmtveit seg med storslagne ideologiske fremstøt, men gjennom... praktiske skolereformer.»[1] Få av framlegga hans var kontroversielle. «Hans rettesnor var alltid ikke å gå fortere frem enn at en i nedgangstider maktet å bevare det som var gjennomført.»[1] På eitt felt fekk han derimot motbør, og særleg frå eigne rekker i arbeidarrørsla. Hans ynskje om å byggje ut framhaldsskulen som eit grunnlag for yrkesskulen og eit alternativ for teorisvakare elevar, vart seinare parkert, til fordel for den allmennfagleg orienterte niårige skulen.

Etter verdskrigen var Hjelmtveit fylkesmann i Aust-Agder frå desember 1945 til 1961. Perioden 1957-69 var han styreformann i Norsk rikskringkasting.

Han gav i 1969 ut memoarboka Vekstår og vargtid.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Terjesen, Einar A. (13. februar 2009). «Nils Hjelmtveit». Norsk biografisk leksikon.