Nils Juel

godseigar, ordførar og stortingsrepresentant

Nils Juel (15. mai 183121. juli 1897) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Fjelberg i Hordaland.

Nils Juel
Fødd15. mai 1831
Fjelberg
Død21. juli 1897 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, godseigar
Alle verv

Juel var fødd på Halsnøy kloster i Fjelberg, far hans var offiser og brukar av eigedomen. Sjølv studerte han to år på akademiet i Bohenheim i staten Württemberg. Han overtok farsgarden i 1868 og dreiv denne til han døydde. I mange år var han medlem av heradsstyret, ei tid som ordførar. Juel ytte sitt til at Wollert Konow (SB) i 1864 på Halsnøy kloster kunne opne den fyrste folkehøgskulenVestlandet.

Jule var 5. representant til Stortinget for Søndre Bergenhus amt frå 1874 til 1882, 1. representant frå same valkrinsen 1883 til -88. Han var 1874-76 medlem i gasje- og pensjonskomiteen, 1877-82 sekretær i same. Grunna sjukdom hadde han forfall i 1883-sesjonen. I 1884 var han medlem av næringskomite nr 1, frå 6. juni 1884 var han medlem av Lagtinget fram til 1888. 1884 medlem av jarnbanekomiteen og 1886-88 atter av gasje- og pensjonskomiteen.

Juel døydde på garden sin, Halsnøy kloster, i 1897.

Kjelder endre