Niniveslettene
Niniveslettene (assyrisk ܦܩܥܬܐ ܕܢܝܢܘܐ, Pqatā d'Ninwe og gammalsyrisk ܕܫܬܐ ܕܢܝܢܘܐ Daštā d'Ninwe; arabisk سهل نينوى, Sahl Naynawā; kurdisk Deşta Neynewa) er ein region i Ninive guvernement i Irak, nord og aust for byen Mosul. Tidlegare vart området kalla Sanjarsletta.
Niniveslettene | |||
ܦܩܥܬܐ ܕܢܝܢܘܐ, سهل نينوى | |||
slette | |||
Kart over dei tre distrikta som utgjer Ninevehslettene oppå eit kart over Nineveh guvernement.
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nineveh guvernement | ||
By | Bakhdida | ||
Koordinatar | 36°37′N 43°7′E / 36.617°N 43.117°E | ||
Folketal | 500 000 (2012) | ||
Ninevehslettene 36°40′22″N 43°23′26″E / 36.672825°N 43.390503°E | |||
Kart som viser Niniveslettene.
|
Området omfattar ruinane av dei antikke assyriske byane Ninive, Nimrud og Dur-Sharrukin, i tillegg til fleire eldgamle, heilage stader som Mar Mattai-klosteret, Rabban Hormizd-klosteret, grava til Nahum og Lalish.[1]
Geografi
endreNiniveslettene ligg i aust, nordaust for byen Mosul i det irakiske Ninive guvernement. Oldtidsbyen Ninive låg i den austlege utkanten av dagens Mosul, ved breidda av Tigris. Landsbyane på den austlege delen av sletta er hovudsakleg busett av ikkje-muslimske minoritetsgrupper. Dei fleste av desse innbyggjarane er assyrisk kristne.
Niniveslettene er ikkje berre det historiske heimlandet til assyrarane og ein smeltedigel av før-arabiske og kurdiske før-islamske, mesopotamiske sivilisasjonar, men er ein provins der størstedelen av folkesetnaden består av minoritetar, der kring halvparten av desse er assyrarar.[2]
Historie
endrePeutinger-kartet over den busette verda slik romerske geografar kjende ho, syner Singara som ein stad vest for Trogoditi Persi, persiske troglodyttar, som busette området kring Sinjarfjella. For arabarane i mellomalderen vart det meste av sletta rekna som ein del av provinsen Diyār Rabīʿa, «bustaden til Rabīʿa-stamma». Arabiske astronomar gjorde delar av arbeidet sitt her under regjeringstida til kalifen al-Mamun.[3] Ein kjend, assyrisk katedral stod her på 700-talet.[4]
Største byar på Niniveslettene
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nineveh plains» frå Wikipedia på engelsk, den 10. august 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ninevehslettene Geographical Information Arkivert 2011-07-25 ved Wayback Machine.
- Ninevehslettene Needs
- ↑ http://abcnews.go.com/International/wireStory/iraq-hangs-26-convicted-terror-charges-21606806
- ↑ Mardean Isaac (30. desember 2010). «The desperate plight of Iraq's Assyrians and other minorities | Mardean Isaac | Comment is free | guardian.co.uk». Guardian. Henta 10. august 2018.
- ↑ Abul Fazl-i-Ạllámí (1894), «Description of the Earth», The Áin I Akbarí, Vol. III, Translated by H.S. Jarrett, Calcutta: Baptist Mission Press for the Asiatic Society of Bengal, s. 25–27.
- ↑ A short history of gammalsyrisk literature. Henta 10. august 2018.