Loppe
Lopper (Siphonaptera) er ein orden av vengelause insekt som lever som utvendige parasittar ved å suga blod av pattedyr og fuglar. Munndelane deira er utvikla for å stikka gjennom hud og skinn og suga ut blod.
Loppe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Flygande insekt Pterygota |
Infraklasse: | Neoptera |
Overorden: | Endopterygota |
Orden: | Loppe Siphonaptera Latreille, 1825 |
Det finst rundt 2 500 ulike loppeartar, og dei lever i alle verdsdelar. Rundt 55 finst i Noreg.
Skildring
endreLopper har ein flattrykt kropp sett frå sidene og er 1–8 mm lange. Hovud, kropp og bein har torner og hår som peiker bakover. Dei har følarar i groper på sidene av hovudet. Mange artar har punktauge medan andre er augelause. Føtene er kraftige og kan brukast til å hoppa.
Liv og utvikling
endreLopper legg mellom nokre hundre og fleire tusen egg. Egga blir klekte etter 2–18 dagar. Larven har bitande munndeler og langstrekt kropp med eit par skyvevorter på undersida av siste bakkroppsledd. I løpet av 13–15 dagar går larven gjennom tre hudskifte og oppnår ei lengd på 4–5 mm. Lopper har fullstendig forvandling og må gjennom eit puppestadium før dei blir vaksne og kjønnsmodne (imago).
Paringa finn stad etter at dei har kome ut av puppeskalet, og hannen døyr kort tid etter. Hoa treng blod for å laga egg, men begge kjønna syg blod.
Levesett
endreLoppelarvar lever i reir, bol eller bustaden til vertsdyra sine. Dei et tørre organiske rester og blodhaldige ekskrement frå vaksne lopper. Lopper spesialiserer seg på bestemte bustader, men mange kan veksla mellom vertsdyr. Rovdyr kan til dømes ha lopper som stammar frå byttet deira.
Lopper som vektorar
endreLopper kan overføra ormar som bendelorm og rundorm. Svartedauden blei overført frå gnagarar til menneske av ei loppe (Xenopsylla cheopis).
Systematisk inndeling
endre- Flygande insekt
- Neoptera
- Eumetabole insekter
- Holometabole insekter
- Mecopteriformia
- Antliophora
- Orden Lopper, (Siphonaptera)
- Underorden Ceratophyllomorpha
- Overfamilien Ceratophylloidea
- Familien Ceratophyllidae
- Familien Leptopsyllidae
- Familien Ischnopsyllidae
- Familien Xiphiopsyllidae
- Overfamilien Ceratophylloidea
- Underorden Hystrichopsyllomorpha
- Overfamilien Hystrichopsylloidea
- Familien Hystrichopsyllidae
- Familien Chimaeropsyllidae
- Overfamilien Macropsylloidea
- Familien Macropsyllidae
- Overfamilien Stephanocircoidea
- Familien Stephanocircidae
- Overfamilien Hystrichopsylloidea
- Underorden Pygiopsyllomorpha
- Overfamilien Pygiopsylloidea
- Familien Lycopsyllidae
- Familien Pygiopsyllidae
- Familien Stivaliidae
- Overfamilien Pygiopsylloidea
- Underorden Pulicomorpha
- Overfamilien Pulicoidea
- Familien Hectopsyllidae
- Familien Pulicidae
- Menneskeloppe Pulex irritans
- Overfamilien Malacopsylloidea
- Familien Malacopsyllidae
- Familien Rhopalopsyllidae
- Overfamilien Vermipsylloidea
- Familien Vermipsyllidae
- Overfamilien Coptopsylloidea
- Familien Coptopsyllidae
- Overfamilien Ancistropsylloidea
- Familien Ancistropsyllidae
- Overfamilien Pulicoidea
- Underorden Ceratophyllomorpha
- Orden Lopper, (Siphonaptera)
- Antliophora
- Mecopteriformia
- Holometabole insekter
- Eumetabole insekter
- Neoptera
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lopper» frå Wikipedia på bokmål, den 22. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Ottesen, P.S. (red.) 1993. Norske Insektfamilier og deres artsantall. NINA utredning 055, 40 sider.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- «lopper» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Tree of Life - Lopper, (Siphonaptera). Engelskspråkleg nettstad med bilete.
- Norsk Entomologisk forening
- (no) Loppe hos Artsdatabanken
- (en) Loppe – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Loppe i Encyclopedia of Life
- (en) Loppe i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Loppe hos Dyntaxa
- (en) Loppe hos Fauna Europaea
- (en) Loppe hos Fossilworks
- (en) Loppe hos ITIS
- (en) Loppe hos NCBI
- (en) Kategori:Siphonaptera – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Siphonaptera – detaljert informasjon på Wikispecies