Nirim (hebraisk skrift נִירִים, tyder Enger) er ein kibbutz nordvest i Negev i Israel. Han ligg nær grensa til Gazastripa, kring 7 kilometer aust for Khan Yunis og høyrer til Eshkol regionale kommune.[1] Kibbutzen har eit areal på 22 kvadratkilometer og eit folketal på kring 620.

Nirim
נִירִים
kibbutz
Soldatar forsvarar Nirim i 1948
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°20′5.64″N 34°23′45.23″E / 31.3349000°N 34.3958972°E / 31.3349000; 34.3958972
Folketal 357 (2015)
Grunnlagd 6. oktober 1946
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Nirim
31°20′06″N 34°23′45″E / 31.335°N 34.395833333333°E / 31.335; 34.395833333333
Wikimedia Commons: Nirim

Historie endre

Kibbutzen vart grunnlagd i juni 1946 som ein del av Dei 11 punkta i Negev-planen, der ein ville busetje jødar i Negev, slik at ein seinare kunne legge krav på området som ein del av ein framtidig jødisk stat.[2] Han vart kalla opp etter Nir-brigaden til Hashomer Hatzair ungdomsrørsle, og det var medlemmar frå denne rørsla som var med på å grunnleggje kibbutzen, opphavleg på ein stad kalla «Dangour», der kibbutzen Sufa i dag ligg.[1] Ein av grunnleggjarane var Dan Zur, som vart ein av dei leiande landskapsarkitektane i Israel.[3]

den arabisk-israelske krigen i 1948 braut ut den 15. mai 1948, var kibbutzen den første jødiske busetnaden i Israel som vart angripen av den egyptiske hæren, i slaget ved Nirim.[2] 39 personar forsvarte kibbutzen.[4] Under slaget kom egyptarane 25 meter frå kibbutzen og åtte av forsvararane av kibbutzen vart drepen, før egyptarane trekte seg attende.[2] Alle husa vart øydelagde i åtaket.[4]

Nirim vart verande ein utpost for Det israelske forsvaret (IDF) mot den egyptiske hæren gjennom krigen. Etter krigen ønskte IDF å ta over staden, på grunn av den strategiske plasseringa, medan innbyggjarane ønskte å flytte nordover, til området som får minst 200 millimeter nedbør i året, så kibbutzen vart flytta kring 15 km nordaust til den noverande plasseringa, like ved den eldgamle syngaoga i Horvot Maon.

Under Mapam-skilje i 1952, vart dei som støtta Moshe Sneh bannlyste frå kibbutzen. Fram til 1956 var han mål for Fedayeen-åtak frå Gazastripa.[1]

Sidan 2000 har Nirim blitt råka av Qassam-rakettar avfyrte frå Gazastripa. Etter Israel sette i gang Operasjon Cast Lead, i januar 2009, vart dei fleste innbyggjarane i Nirim, og andre landsbyar nær Gazastripa, evakurerte. Dusinvis av familiar frå Nirim var i kibbutzen Mishmar HaEmek i Jezreeldalen i ein månad, fram til slutten av operasjonen.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Yuval El'azari, red. (2005). Mapa's concise gazetteer of Israel. Tel-Aviv: Mapa Publishing. s. 372. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Aisenberg, Lydia (16. april 2009). «Feeling Gaza». The Jerusalem Post. Henta 9. september 2015. 
  3. Landscape architect Dan Zur dead at 86, Haaretz
  4. 4,0 4,1 Lavie, Aviv; Moshe Gorali (29. oktober 2003). «'I saw fit to remove her from the world'». Haaretz. Henta 9. september 2015. 

Bakgrunnsstoff endre