Nisefamilien

pattedyrfamilie
Nisefamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Infraorden: Kvalar Cetacea
Parvorden: Tannkvalar Odontoceti
Overfamilie: Delphinoidea
Familie: Nisefamilien Phocoenidae
Gray, 1825

Nisefamilien (Phocoenidae) er ein familie av høvesvis småe tannkvalar. Dei har ei kroppslengd på mellom 120 og 220 cm og ei vekt på mellom 25 og 125 kg. Nisene liknar mykje på delfinar, men har butt snute og er noko meir kraftig bygde.

Familien har i dag seks artar som finst i kyststrok på båe sidene av det nordlege Atlanterhavet, nord i Stillehavet og utanfor Sør-Amerika og det sørlege Asia. I norske farvatn finst berre arten nise.

Kjelder endre

«niser» av Rolf Karlsen i Store norske leksikon, snl.no. Henta 16. desember 2017.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.