Noord-Brabant

(Omdirigert frå Nord-Brabant)

Noord-Brabant er ein provins i Nederland og ligg sør i landet. Provinsen grensar til Belgia i sør, elva Maas i nord, Limburg i aust og Zeeland i vest.

Noord-Brabant
provins
Flagg
Symbol
Land  Nederland
Hovudstad 's-Hertogenbosch
Areal 4 919,0 km²
Folketal 2 256 848 (1. januar 2015)[1]
Kart
Noord-Brabant
51°38′00″N 5°06′00″E / 51.633333333333°N 5.1°E / 51.633333333333; 5.1
Wikimedia Commons: North Brabant

Historie endre

Fram til 1600-talet var området som i dag utgjer Noord-Brabant stort sett ein del av Hertugdømet Brabant. Den sørlege delen av dette hertugdømet høyrer i dag til Belgia. På 1300- og 1400-talet hadde området gullalderen sin og særleg byane Leuven (Louvain), Antwerpen (i Belgia), Breda og 's-Hertogenbosch (Bois-le-Duc).

Etter at Utrechtunionen vart signert i 1579 vart Brabant ei slagmark mellom det protestantiske Dei sameinte Nederlanda og det katolske Spania, som okkuperte det sørlege Nederland. Etter freden i Westfalen, den nordlege delen av Brabant vart ein del av Nederland.

I 1796 vart Nederland Den bataviske republikken etter franskmennene invaderte området.

I 1815 vart Belgia og Nederland slått saman i Det sameinte kongedømet Nederland, og provinsen Noord-Brabant vart oppretta. I 1830 vart kongedømet delt i dagens Belgia og Nederland. Grensa mellom Nederland og Belgia i dette området er ikkje ei kontinuerleg linje, men består av mange små enklavar (og enklvar inne i enklavane) på begge sider av grensa, som Baarle-Hertog. Då provinsen vart grunnlagd vart området utvida til å dekke delar av provinsen Holland og dei tidlegare områda Ravenstein som tidlegare hadde vore ein del av Hertugdømet Cleves, i tillegg til fleire små, tidlegare sjølvstendige einingar.

Frå slutten av 1800-talet vart provinsen industrialisert. Tilburg og Helmond var senter for tekstilproduksjon, medan byen Eindhoven hadde vokse til å verte den femte største byen i landet på grunn av selskapa Philips og DAF.

Kommunar endre

Noord-Brabant er i dag inndelt i 64 kommunar. Tradisjonelt har nesten kvar by sin eigen kommune, men talet på kommunar kvart kraftig redusert i 1990-åra då fleire småkommunar vart slått saman. Kommunane i Noord-Brabant er:

Geografi endre

Som det meste av Nederland er Noord-Brabant hovudsakleg flatt. Dei fleste innbyggjarane bur i urbane område, men ein del av provinsen er ikkje busett sjølv om det meste av landområdet er oppdyrka.

Provinsen grensar til elva Maas i nord og deltaet til denne elva renn gjennom nasjonalparken Biesbosch.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Noord-Brabant