Opna hovudmenyen

Nordahl Rolfsen, eigentleg Johan Nordahl Brun Rolfsen (12. juni 184818. januar 1928) var ein norsk forfattar og pedagog frå Bergen. Farfar hans var eidsvollsmannen Jens Rolfsen, og ein av oldefedrene var diktaren og biskopen Johan Nordahl Brun.

Nordahl Rolfsen
Nordahl Rolfsen.jpg
Fødd 12. juni 1848
Bergen
Død

18. januar 1928

Yrke journalist, skribent, lærar
Born Alf Rolfsen
Nordahl Rolfsen på Commons

Rolfsen redigerte Lesebok for Folkeskolen, det mest brukte læreverket i norsk skole i si tid. Stortinget avslo finansiering av verket (som Rolfsen samla saman); Det vart finansiert av forlagsbokhandlar Jacob Dybwad.[1] Frå 1892, då den første utgåva kom ut, og fram til midten av 1950-talet, var boka trykt i meir enn 8 millionar eksemplar.

I sju år redigerte han Illusteret Tidende for Børn (1885-1894). Her la han vekt på å presentere norsk litteratur for barn, ofte følgd av gode illustrasjonar.

I 1912 vart Nordahl Rolfsen slått til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for verksemda si. Han vart far til kunstmålaren Alf Rolfsen.

Innhaldsliste

BibliografiEndra

Eit utval utgjevingar:

  • 1870 Fru Ida Hanssen
  • 1874 Under Sneen (Vers og Prosa)
  • 1880 En valkyrie (skuespill i fire akter)
  • 1883 Prolog ved Holbergsbazarens aabning
  • 1884 Fødselsdags-Kalender med citater af nordiske og fremmede forfattere
  • 1886 Norske Digtere
  • 1887 Sangene af Nordlandstrompeten
  • 1888 Da jeg var gut - tre Fortællinger
  • 1888 Vore Fædres Liv - Karakterer og Skildringer fra Sagatiden
  • 1889 Prøver af en ny læsebog for den norske folkeskole
  • 1890 Svein Uræd - eventyrkomedie i fem Akter
  • 1892 Læsebog for Folkeskolen
  • 1893 Læsebog for Folkeskolen
  • 1894 Billedbog - Barnevers med billeder
  • 1894 Middelskolens forberedelsesklasser (smaaskolen)
  • 1894 Lesebog for middelskolen 1894
  • 1884 Kantate ved Holbergs monumentets afsløring
  • 1895 Fremmede eventyr for norske børn

SongtekstarEndra

LitteraturEndra

  • Egil Børre Johnsen, Fola fola Blakken en biografi om Nordahl Rolfsen (2003), Oslo : Andresen & Butenschøn, ISBN 82-7694-066-8

På nettetEndra