Svartemyr ferjekai
Svartemyr, òg kalla Svortemyr, var ei sentral ferjekai for bygdene rundt og vest for Fuglsetfjorden og for den nye fylkesvegen over Stølsheimen til Matre i Masfjorden i ei tid då det ikkje var samanhengande veg på sørsida av Sognefjorden mellom bygdene i Høyanger kommune.
Svartemyr ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Enkel kai | ||
Ferdigstilt | 1972 | ||
Som del av | Svartemyr-Nordeide | ||
Tilknytt | Fv5586 | ||
Stad | Fuglsetfjorden | ||
Kommune | Høyanger kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
Erstatta av | Oppedal ferjekai, Ortnevik ferjekai | ||
Svartemyr ferjekai 61°07′09″N 5°48′55″E / 61.11925535169°N 5.8153472885088°E |
Høyanger kommune vart til i 1964 då gamle Lavik kommune og Kyrkjebø kommune vart slegne saman, og kommunesenteret vart lagt til industribygda Høyanger, lengst aust i den nye kommunen på nordsida av Sognefjorden. For folk på sørsida av fjorden kom det krav om betre veghøve, og det vart vedteke å byggje samanhengande veg frå Ikjefjorden til Fuglsetfjorden, med ferjesamband frå Svartemyr til Nordeide. Ferjekaia stod ferdig i 1972, og var tilknytt med veg søraustover til Leirnes, Hest og Bjordal. Samstundes var Ikjefjord tilknytt Oppedal ferjekai, og fekk ikkje veg austover til Svartemyr før 1977. Året før opna tunnelen mellom Bjordal og Søreide.
Vegen skulle byggjast austover til Ortnevik, men økonomien var skral og vegen vart bygd ut i etappevis. I 1980 var det bygd samanhengande veg mellom Vamråk og Ortnevik, med ferjekai i Ortnevik, men tunnel vestover frå Vamråk til Søreide kom ikkje før 1985, og ein endeleg fekk samanhengande veg på sørsida av Sognefjorden.
I 1990 skulle ein òg få ny samanhengande veg mellom Ytre Oppedal og Instefjord, som ei forlenging av dåverande Riksveg 14. På denne tida var Oppedal tilknytt sambandet Brekke-Oppedal-Lavik, men med samanhengande veg til Instefjord og Brekke vart Oppedal ferjekai stengt for opprusting. Ny ferjekai opna i 1991, og Brekke vart sløyfa frå sambandet. Med dette vart Svartemyr ferjekai og sambandet til Nordeide òg nedlagt.
Svartemyr ferjekai står i dag intakt.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Sørsidevegen i Høyanger» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til NasjonalbiblioteketDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.