Nordeide ferjekai
Nordeide ferjekai er ein av dei eldste ferjekaiane i fylket som framleis er i bruk, og er i dag del av det bilførande båtsambandet Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger. Dagens anlegg opna i 1968 i samband med skipinga av nye heilårlege ferjesamband over Sognefjorden, som erstatta det tidlegare anlegget ved det store bygningen på kaia. Bygningen stod ferdig i 1940 og hadde både post, telefon, butikk, kafé og pensjonat.
Nordeide ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Enkel kai | ||
Opna | 1938 | ||
Som del av | Grinde-Balestrand-Nordeide | ||
Tilknytt | Fylkesveg 55 | ||
Stad | Kyrkjebø | ||
Kommune | Høyanger | ||
Fylke | Vestland | ||
Overtok for | Vadheim kai | ||
No del av | Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger | ||
Nordeide ferjekai 61°10′23″N 5°59′09″E / 61.173120637895°N 5.9859694445791°E |
Liste over samband med stopp på Nordeide ferjekai
endre- 1934-1938: Lærdal-Vadheim
- 1938-1945: Grinde-Balestrand-Nordeide
- 1945-1957: Grinde-Vangsnes-Balestrand-Nordeide
- 1957-1970: Hella-Nordeide
- 1970-1982: Kongsnes-Nordeide
- 1971-1982: Svartemyr-Nordeide
- 1982-1990: Svartemyr-Nordeide-Måren-Ortnevik
- 1990-2000: Nordeide-Måren-Ortnevik
- 2000-: Nordeide-Måren-Ortnevik(-Vik)
Kjelder
endre- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 85. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 74, 81, 86. ISBN 978-82-91722-93-1.
Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.