Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger
Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger er eit ikkje-gjennomgåande bilførande båtsamband i Sognefjorden, og er eit produkt av at det tidlegare ferjesambandet Ortnevik-Måren-Nordeide vart slegen saman med rutebåten mellom Ortnevik og Vik. Seinare vart Høyanger lagt til sambandet. Kombibåten på sambandet har eit lite bildekk med plass til lette køyretøy. I mange tilfelle må både stopp og bilplass førehandstingast, sjå Skyss.
Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger | |||
Rutenummer | 1190 (Skyss) | ||
---|---|---|---|
Trasé | Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger | ||
Rutenett | Båtsamband i Vestland Kommunale ferjer i Vestland | ||
Forvaltar | Skyss | ||
Trafikkselskap | Norled | ||
Oppretta | 2000 | ||
Tidlegare trasé | Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide | ||
Overtok for | Ortnevik-Måren-Nordeide | ||
Tidlegare driftselskap | Fjord1 | ||
Kommune | Høyanger, Vik | ||
Fylke | Vestland | ||
Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger 61°08′30″N 6°03′21″E / 61.1416935°N 6.0558862°E |
Kjernekorridoren med flest avgangar går som kommunal ferje mellom Ortnevik, Måren og Nordeide i Høyanger kommune. Einskilde avgangar frå Ortnevik-Måren-Nordeide går vidare til og frå Høyanger kai. I tillegg går einskilde avgangar Nordeide-Måren-Ortnevik vidare til og frå Vetlesand, Sylvarnes, Vollevik, Finden, Geithus, Otterskred og Vik, der ingen av stoppa mellom Ortnevik og Vik kan ta bilar.
Kjelder
endre- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 86. ISBN 978-82-91722-93-1.Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.