Nordfirfisle

krypdyrart
Nordfirfisle
Nordfirfislehann
Nordfirfislehann
Nordfirfislehoe
Nordfirfislehoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av nordfirfisle
Utbreiinga av nordfirfisle
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Overorden: Lepidosauria
Orden: Skjelkrypdyr Squamata
Familie: Firfislar Lacertidae
Underfamilie: Lacertinae
Slekt: Zootoca
Art: Nordfirfisle Z. vivipara
Vitskapleg namn
Zootoca vivipara

Nordfirfisle (Lacerta vivipara eller Zootoca vivipara) er ei lita, tilpassingsdyktig øgle som er rekna som verdas nordlegaste krypdyr. Ho er utbreidd i heile det tempererte Europa utanom Middelhavsområdet, i tillegg til store delar av nordlege Asia. Ho finst i heile Noreg, bortsett frå delar av Nordland og Vestlandet.

Kjenneteikn og åtferd endre

Firfisla er eit lite krypdyr med korte bein. Den flattrykte kroppen er vanlegvis under 10 cm lang, halen er vanlegvis lengre. Vanlegvis er ho brun med eit par mørke og kvite stripar på oversida, nyfødde ungar er mørkare.

Nordfirfirsla lever hovudsakleg av insekt, tusenbein og edderkoppar, som ho jaktar etter på bakken. I kaldt vêr kan ein ofte observera dei sola seg på fuktige stadar med mykje vegetasjon. Arten er svært rask.

Kjelder endre

  • Norges dyr, Cappelen 1992.

Bakgrunnsstoff endre