Nordland Mållag
Nordland Mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Nordland. Fylkeslaget ligg for tida nede.
I 2023 hadde Noregs Mållag 121 medlemmar i Nordland.
Historie
endreFør 1925
endreFør 1925 var det ikkje noko fylkeslag i Noregs Mållag som dekte Nordland fylke.
Hålogaland mållag blei skipa i Sandnessjøen i 1925[2] og meldte seg inn i Noregs Mållag i 1927.[3] Odin Benum, som var styrar ved Vefsn folkehøgskole, fekk skipa laget og var leiar.
Hålogalands mållag hadde årsmøte på Tjøtta 26. juni 1927. Det var registrert 7 mållag til årsmøtet. Odin Benum blei attvalt til formann.[4]
Hålogalands mållag hadde stemna og årsmøte på Nesna 9. juni 1929.[5][6] Til årsmøtet var det registrert 226 medlemmar fordelt på 9 mållag. 30 møtte fram på årsmøtet, og dei fekk bl.a. med seg foredrag av Benum, dosent Bergsgård og lærar Todal. Odin Benum blei attvald til formann[7]
31. august 1930 blei det halde årsmøte og stemna i Vefsn med gudsteneste ved domprost Haugsøen, årsmøte på folkehøgskolen, etterfølgt av foredrag av Haugsåen og Øverås. Odin Benum blei attvald som formann.[8]
På årsmøtet i Korgen i juni 1932 blei Odin Benum attvald til formann.[9]
Søndag 26. august 1934 var det årsmøte på Herøyholmen. Sokneprest Ola Røkke heldt preik, og på ettermiddagen tala lærar Langset og Røkke i ungdomshuset. Om kvelden skipa Herøy mållag til fest med spelstykke og opplesnad. Odin Benum blei attvald til formann.[10][11]
I 1937 melde Odin Benum at laget i praksis var lagt ned.[12] 13. juni 1938 døydde Odin Benum.[13][14]
Hålogaland målkontor blei skipa i 1921, og styraren heldt først til i Trondenes herad (1921-1929), deretter i Tromsø (1929-1935), for så å ende i Trondenes (1935-1940). Det var Troms Fylkesmållag og Troms ungdomsfylking som stod bak målkontoret, men etter kvart kom også Lofoten og Vesterålen ungdomslag med i styringa.[15] Målkontoret hadde også Nordland som arbeidsfelt.[16]
Nordland Fylkesmållag blei skipa 13. juni 1948 . Det skulle femne om heile Nordland, og Ivar Strompdal blei vald til formann,[18] som han var fram til 1952.[19]
Årsmeldinga som blei lagt fram på årsmøtet i Sandnessjøen laurdag 16. juli 1954 viste at laget hadde arbeidd for å få meir nynorsk i presse og kringkasting. Årsmøtet vedtok ei fråsegn til departementet der dei bad om at det måtte bli sett i verk tiltak for å gjennomføre måljamstellinga når det gjaldt lærebøker ved skolane.[20]
I 1955 sendte fylkesmållaget lektor Olav Sunnanå frå Nesna, som utsending til landsmøtet i Noregs Mållag.[21]
På årsmøtet 18. mai 1957 blei det vedtatt å dele fylkeslaget i to: Helgeland Mållag og Nordre Nordland Mållag.[22]
Helgeland Mållag blei skipa 26. mai 1958 på eit møte i Mosjøen, og Mathias Sellæg Moe, Nesna, blei vald til formann. På skipingstidspunktet ser det ut til å ha vore berre tre mållag i drift: Nesna mållag, Tjøtta mållag og Vefsn og Mosjøen mållag.[24] Fylkeslaget for søre Nordland ser ut til å ha vore i drift fram til 1961-62.
Nordre Nordland Mållag blei skipa 18. mai 1957 i Bodø. Området for laget skulle vere nordre delen av Nordland nordom Saltfjellet. Første formannen var Kåre Breivik, Bodø. Ved oppstarten hadde laget 80 medlemmar i seks medlemslag: Bøstad Målring, Sortland Mållag, Hadsel Mållag, Bodø og omland Mållag, Narvik og omland Mållag og Bjørnskinn Mållag.[25] Nordre Nordland Mållag endra namn til Nordland Mållag på årsmøtet sitt i 1967.[26]
Nordland mållag var eit direkte framhald av Nordre Nordland Mållag. Namnebytet blei gjort på årsmøtet i 1967. Tanken var at laget skulle femne om heile Nordland, men i praksis blei dette eit fylkeslag for Nordre Nordland. Lokallaga i sørfylket var direkte innmeldte i Noregs Mållag.[28]
Fylkeslaget arbeidde aktivt på mange område fram til 1990-talet. Det blei halde årsmøte 23. mai 1987, men leiaren flytta sommaren 1987, og fylkeslaget blei liggande nede. Det blei ikkje halde nytt årsmøte før i 1991. Så gjekk det igjen ei god tid før neste årsmøte. Siste registrerte årsmøte i Nordland mållag er i 1997, men litt etter blei i praksis fylkeslaget lagt ned.[29]
Leiarar
endreHålogaland mållag (1925-38):
endreNordland Fylkesmållag (1947-1957):
endre- 1948-1952: Ivar Strompdal[18]
- 1952-56: Ole Løkås, Leirfjord[33]
Helgeland Mållag 1958-1962?
endre- 1958-1962?: Mathias Sellæg Moe, Nesna[24]
- 1957-: Kåre Breivik, Bodø[35]
- 1962-1967: Arne Angell, Sortland
Nordland mållag (1967-1990-talet)
endre- 1967-1974: Arne Angell, Sortland
- 1976-1977: Finn Myrvang, Bø
- 1978: Jahn-Arill Skogholt[36]
- 1985-1987 (1991): Magne Heide, Melbu[37][38][39]
- 1991-?: Liv Ingebrigtsen, Lurøy[40][41][42]
- 1995?-1997: Kjellrunn Trohaug, Bodø[43]
- 1997-1999: Tone Magnussen, Bodø[44]
Medlemslag og lokale mållag
endreDesse lokale mållag i Nordland står tilslutta Noregs Mållag:[45]
- Vefsn mållag
- Salten mållag
- Bø bygdelag [46] - lagt ned som medlemslag i Noregs Mållag i 2022[47]
- Andøy Mållag[46] - lagt ned som medlemslag i Noregs Mållag i 2022 [47]
- Vesterålen Mållag – under skiping (2023)[47]
- Vefsn og Mosjøen mållag blei skipa i 1898 og er framleis i verksemd.
- Vefsn og Mosjøen Kvinnemållag blei skipa i 1902 og var i verksemd til 1930-åra.[49]
- Mo Mållag blei skipa i mars 1906 med rundt 30 medlemmar.[50] I juni 1911 heldt O. Benum foredrag om «Norsk Bondekultur»,[51] og 3. september 1911 preika pastor Haugsøen i kyrkja og heldt deretter foredrag i mållaget.[52] Årsmøtet i 1913 var grundig kunngjort[53], men det var likevel dårleg oppmøte.[54] Laget heldt julefest i januar 1914[55] med rundt 120 selde billettar.[56] Frammøtet til julefesten i 1915 var ikkje så godt. «Det var ikkje nett noko høvelegt ver for dei som har lange vegar. Sterk storm.»[57] Laget blei lagt ned før 1925. Formann var i lengre tid Theodor Scheflo.[58][59]
- Skonseng mållag blei skipa i 1908 og oppattskipa i 1926 med lærar Dahlberg som formann.[60][61] Laget endra namn til Mo og Nord-Rana Mållag i 1928.[62] Laurdag 26. oktober 1929 heldt laget ein fest med foredrag på Skonseng[63] På årsmøtet i desember 1929 blei lærar Dahlberg attvalt som formann. Laget hadde då ei bunadsnemnd og ei leiknemnd og eit eige handskrive blad[64][65] Etter årsmøtet i 1931 høyrer vi ikkje meir til laget.[66]
- Lurøy Mållag blei skipa i 1908 og lagt ned før 1925.
- Gimsøy mållag blei skipa 13. desember 1908.[67] Laget var aktivt med å tinge Norsk Barneblad,[68] og arrangerte også festar.[69][70] Laget var aktiv med loddsal[71], og i 1936 fekk Gimsøy mållag tildelt dagsverksbidrag til å arbeide på folkebadet[72] 5. og 6. oktober 1937 hadde Gimsøy mållag besøk av Anders Underdal som reiste rundt til laga i Lofoten og Vesterålen ungdomslag[73] Laget var også innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag (Noregs Ungdomslag), blant ved 50-årsfeiringa deira i 1956.[67]
- Sulitjelma Mållag blei skipa i 1909, og 250 hadde teikna seg som medlemmar; Halvard Arneson blei vald til formann.[74] Laget planla ein kveldsskole i januar 1915 med «norsk skriving og lesing og rekning. Og so litt elektrisitetslæra kanskje.» Lærar Johannes Eidnes stod for innkallinga.[75] Laget blei lagt ned før 1925.
- Mållaget Framsteg på Nord-Andøy (Andenes Mållag)[76] blei skipa i 1910. Laget inviterte til brevkveld 4. desember 1910, leiar var Hans Eidnes, som var lærar på Haugnes på Andøya.[77] På landsmøtet i Norigs Maallag i Oslo 4. juli 1914 møtte Fru Hansine Hægstad som utsending frå mållaget Framsteg på Nord-Andøya. Mannen hennes, Daniel Hægstad, møtte også på dette landsmøtet.[78] Laget blei lagt ned etter kort tid.
- Drevja mållag blei forsøkt skipa i 1912,[79] men skipingsmøtet blei utsett,[80] og det ser ikkje ut til at laget kom i gang.
- Heimhug mållag i Borge blei skipa i 1913 og lagt ned i 1919.
- Bøstad Mållag blei skipa i 1913, laget hadde også ei kort blomstring etter 1950. Laget var i 1956 innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag[81]
- Framsteg Mållag , Seløy i Herøy, blei skipa 1. november 1914 med 12 medlemmar, og Ivar Sevaldsen blei vald til formann.[82] Laget var i verksemd kort tid.[83]
- Bø Mållag, Straume, Bø i Vesterålen, var i verksemd seinast frå 1913, men alt sommaren 1909 var det eit ungdomsstemne på Straume der det blei tala både på og om "maalet" (landsmålet) av både Anders Hovden, Oddmund Vik og Sven Moren[84] Mållaget hadde Aasen-fest på Straume 17. august 1913.[85] Noregs Mållag fekk medlemspengar frå Bø mållag for 1914, 1915 og 1916.[86] Laget heldt norsk-kurs i 1915[87] og «grønsakkursus» i 1917.[88] Laget låg nede i 1922,[89] men var oppe å gå igjen i 1928[90] og 1929[91] før det blei stille i 1930.[92] Laget var innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag 1922-1930.
- Narvikkrinsen Mållag blei skipa før 1916. Det er uvisst kor lenge laget var i verksemd.
- Bodin og Bodø Mållag blei skipa 24. juni 1916 med 30 medlemmar, og landbrukslærar Karl Fjærvoll blei vald til formann.[93][94] Laget hadde ein vellykka fest i 1917 med 70 frammøtte.[95] Det ser ikkje ut til at dette laget var i verksemd særleg lenge. Karl Fjærvoll sa opp stillinga si som landbrukslærar hausten 1920 og flytta frå byen.[96] Bodø og Bodin mållag blei oppattskipa i 1957 (seinare: Bodø og omland mållag, Salten mållag)
- Nesna elevmållag, ved Nesna lærarskole, blei skipa i 1918, og var i verksemd i alle fall til slutten av 1930-talet,[97][98] laget gav også ut bladet Tungalda.[99]
- Mållaget Vårvon , Straum i Borge, blei skipa 15. august 1920. Laget var også innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag (Noregs Ungdomslag).[100] Laget blei skipa av lærarskoleelev (seinare lektor) Martin Strømnes, formann i 1950 var Marius Evjeberg.[101]
- Millomsjona mållag blei skipa på Fuglestad i Nordsjona (no: Rana kommune) 11. juni 1922, med Marselius Steinslett til formann og 22 medlemmar.[102] Søndag 3. desember 1922 gjesta Mellomsjona mållag Nordsjona og oppførte spelstykket "Dei kvinnfolka" for rundt 60 tilhøyrarar. Søndag 10. desember 1922 var det kretsmøte i Nordsjona der spørsmålet om å kreve målrøysting blei tatt opp. Ingen var imot landsmålet, og mot 1 røyst blei det vedtatt å sende eit skriv til Nesna skolestyre der ein kravde målrøysting.[103] Neste livsteikn frå Millomsjona mållag er frå årsmøtet i januar 1936 der M. Steinslett blei vald til formann med eit fulltalig styre[104][105] Millomsjona mållag var i verksemd til uti 1930-åra.[106]
- Saltdal Mållag blei skipa i 1924 og lagt ned etter kort tid.[107]
- Vega Mållag blei skipa i 1924.[108] 23. september 1928 møtte 200 tilhøyrarar fram på Galdstad for å høyre høgskolelærar O. Benum sitt foredrag i mållaget.[109] Laget blei lagt ned i 1930-åra.
- Hattfjelldal Mållag blei skipa i 1925.[110] Formann i 1925 og 1926 var Olav Tustervatn.[111] Siste gong vi høyrer frå laget, er i 1931.[112]
- Leirfjord Mållag blei skipa i 1925,[113] laget var i verksemd til 1980-talet.
- Nesna Mållag blei forsøkt skipa i 1920,[114] men det blei ikkje skipa før i 1925[115] og lagt ned i 1930-åra.[116]
- Korgen Mållag blei skipa i 1920 med Knut Helbækmo til leiar,[117][118] men det ser ut til at det gjekk litt trått i starten. 13. september 1925 heldt Odin Benum foredrag i ungdomshuset i Korgen, og det blei då bestemt å få mållaget i sving att.[119] Laget blei oppattskipa 11. oktober 1925 med Lars Valla som formann.[120] 7. februar 1926 hadde mållaget ein vellykka fest på ungdomshuset i Oldernes, og folk var «vel nøgde med festen.»[121] Laget stelte til ein revy i 1929.[122] I februar 1929 heldt laget årsmøte og valde Per L. Valla til formann[123] I april 1929 heldt laget eit foredrag i ungdomslokalet, med overlærar Mo frå Nesna[124] I mai 1929 kunne laget melde at dei hadde gitt ei kvartårstinging av Norsk Barneblad til alle skoleungane i Korgen, i alt 115 heimar[125] Laget ser ut til å ha blitt lagt ned rundt 1930.
- Brønnøy Mållag blei skipa 6. november 1926 på Kroknes med lærar Øyen som formann; 17 medlemmar meldte seg.[126][127] 26. februar 1927 hadde laget besøk av skrivaren i Noregs ungdomslag og Noregs Mållag, Aslak Torjussen.[128][129] Laget hadde også eit medlemsmøte i mai 1928[130], og 22. september 1928 fekk laget besøk av høgskolestyrar O. Benum som fortalde om «maalframvoksteren her heime i jamføring med arbeidet for den nasjonale maalframvoksteren serleg i Finnland og Irland.»[131] Laurdag 1. mars 1930 heldt mållaget årsmøte i Brønnøy kommunelokale med foredrag av Evjen[132] Siste gong vi høyrer om laget er i 1932.[133]
- Tjøtta Mållag blei skipa 9. oktober 1927[134] og lagt ned i 1930-åra. Laget blei oppattskipa i 1952.[135]
- Herøy Mållag blei skipa 23. april 1933 med Paul Solheim til formann. [136] [137] Laget blei lagt ned før krigen.
- Tjeldsund Mållag blei skipa i 1934[138] og lagt ned i 1950-åra.
- Leirfjord mållag, som blei skipa i 1925, feira 25 år på årsmøtet laurdag 9. desember 1950. Formannen, Harald Einmo, som hadde vore formann i 15 år, ønskte ikkje attval, og Ole Løkås blei vald til ny formann.[140] Løkås deltok i fleire avisdebattar om nynorsk i Leirfjord[141][142] Løkås blei i 1952 vald til formann i Nordland mållag[143]
- Tjeldsund Mållag som blei skipa i 1934, hadde litt aktivitet i åra 1947-52.[144]
- Mållaget Vårvon på Bøstad i Borge feira 30-årsdag i oktober 1950, men etter 1953 høyrer vi ikkje meir frå laget. Laget var innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag.[145] Formann i 1950 var Marius Evjeberg.[101]
- Gimsøy mållag , som blei skipa i 1908, låg nede etter krigen, aktiviteten blei tatt opp i 1952.[146] Vi høyrer også frå laget i 1956.[147] Laget var innmeldt i Lofoten og Vesterålen ungdomslag.[148] I 1962 endra laget namn til Ul Dønning.[149]
- Tjøtta mållag blei oppattskipa i 1952,[150] med Magnus Jetne som formann[151] 23. oktober 1954 arrangerte mållaget eit større møte med debatt om nynorsk eller bokmål, innleiar var folkehøgskolestyrar Rørmark.[152] Foredraget var i høve avstemmingar om skolemålet i Tjøtta.[153] Laget var i aktivitet nokre år.[154]
- Nesna mållag blei oppattskipa i 1953,[155] med Ottar Berg til formann[156] Laget var i verksemd kort tid.
- Bøstad målring blei oppattskipa i 1954 med Solrun Evjeberg som leiar.[157][158] Målringen var i verksemd til og med 1968.
- Narvik og omland mållag blei skipa 13. mars 1954.[159] Den første formann var lektor Heggland, men då han flytta, tok Andreas Indregard over i 1957.[160] Laget låg nede mellom 1958 og 1967. Etter 1967 var laget i jamt arbeid fram til 1987.
- Bjørnskinn mållag blei skipa i 1955 som eit mållag for sørlegaste delen av Andøya, gamle Bjørnskinn herad. Laget blei lagt ned i 1974.[161]
- Bodø og omland mållag blei skipa 27. mai 1956 under namnet «Bodø og Bodin mållag»,[162] men endra namnet i 1958.[163] Laget arrangerte kveldskurs i nynorsk i 1957.[164] Det var stor optimisme på årsmøtet laurdag 2. mars 1957.[165], og laget gav også ut eit eige meldingsblad som Nordlands Framtid siterte ifrå ved fleire høve[166][167][168] Mållaget tok initiativ til å få Tarjei Vesaas nordover, og 24. mars 1957 arrangerte mållaget eit møte med Tarjei Vesaas i Bodø,[169][170] og dette fekk god omtale.[171] Vesaas besøkte også Nesna, Kabelvåg og Tromsø på denne turen.[172] Mållaget deltok også i måldebattar i avisene, særleg i oppstartsåret.[173] I januar 1958 hadde laget besøk av reiseskrivar Amdal, og dette gav god blest i avisene.[174] Laget sovna inn etter kort tid, men blei oppattskipa i 1967,[175] og var i verksemd til 1990-talet. I 2001 endra laget namn til Salten mållag.[176]
- Hadsel mållag blei skipa 16. juni 1956,[177] og laget var i aktivt arbeid til sist på 1980-talet.[178]
- Sortland mållag blei skipa 17. juni 1956,[179] og laget var aktivt til 1980-talet.
- Aasenringen i Nordland stod i åra 1968-1970 tilslutta Nordland mållag.[180]
- Hattfjelldal mållag blei prøvd oppattskipa på 1960-talet, men kom ikkje i gjenge før på 1970-talet; laget var i verksemd til ut på 1980-talet[181] og kanskje lenger også.
- Bø bygdelag blei skipa 28. oktober 1971, og sidan 1979 har laget gitt ut årboka Bøfjerdingen. Bø bygdelag blei lagt ned i 2022.
- Vestvågøy bygdelag blei skipa 10. juni 1973. Laget gav ut årsheftet Lofot-liv i fleire år.[182]
- Leirfjord mållag ser ut til å ha blitt oppattskipa i 1979.[183] Laget var i verksemd nokre år på 1980-talet.[184]
- Fauske mållag blei skipa 15. oktober 1979 og var i verksemd kort tid.[185]
- Vågan mållag blei skipa i 1979 og var i verksemd kort tid.[186]
- Rana mållag blei skipa 17. oktober 1984 og var i verksemd ei kort tid.[187]
- Meløy mållag blei skipa i 1989 og var i verksemd ei kort tid.[188]
- Andøy Mållag blei forsøkt skipa etter at Bjørnskinn mållag blei lagt ned på 1970-talet, men laget kom ikkje skikkeleg i gang og blei formelt lagt ned som medlemslag i Noregs Mållag i 2022.[47]
- Salten mållag er frå 2001 eit framhald av Bodø og omland mållag.[189]
Elev- og studentmållag:
endre- Bodø Målungdom blei skipa i 1974,[190] og var i verksemd i alle fall til 1977.[191] I 1982 blei laget oppattskipa[192], og laget var i verksemd til slutten av 1980-talet.[193]
- Nesna Målungdom blei skipa rundt 1977,[194] og laget var i verksemd til utpå 1980-talet.[195]
- Vågan Målungdom blei skipa 1. februar 1977.[196][197] Laget var i verksemd berre eit par år.
- Vefsn Målungdom blei skipa 29. oktober 1986 etter initiativ frå Vefsn mållag[198], men det ser ikkje ut til at laget var i verksemd meir ein knapt eitt år i byrjinga.[199][200] I 1989 gav imidlertid Vefsn Målungdom på nytt lyd ifrå seg.[201]
- Rana Målungdom var i verksemd frå midten av 1980-talet[202][203] og inn på 1990-talet.[204]
- Narvik Målungdom blei skipa i januar-februar 1988,[205][206] og laget var i verksemd nokre få år.[207]
- Stokmarknes Målungdom var i verksemd i kort tid frå 1989,[208] ein medlem herifrå blei vald inn i sentralstyret i Norsk Målungdom i 1989[209] og attvald i 1991.[210]
Kjelder
endre- Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget.[211]
- Lofoten og Vesterålen ungdomslag 1901-1931. Utgjeve av styret i Lofoten og Vesterålen ungdomslag.[212]
- Hveding; Johan: Frilyndt ungdomsarbeid i Nordland. Eit 50-årsskrift. Marius Evjebergs forlag, Bøstad 1956.
- Aviser i Nasjonalbiblioteket
- Årsmeldingar for Noregs Mållag 2001-2024
- Arkivet til Noregs Mållag (no i Riksarkivet)
Referansar
endre- ↑ Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 249 [1]
- ↑ «Den 17de mai 1925.01.20». Oslo. 20. januar 1925.
- ↑ Den 17de mai, torsdag 6. januar 1927, Nordlands Avis, fredag 8. juli 1927
- ↑ Nordlands Avis, fredag 8. juli 1927
- ↑ Nordlands Folkeblad, lørdag 8. juni 1929
- ↑ Nordlands Avis, fredag 14. juni 1929
- ↑ Nordlands Folkeblad, onsdag 19. juni 1929
- ↑ Brønnøysunds Avis, mandag 8. september 1930
- ↑ Helgelands Blad, torsdag 30. juni 1932
- ↑ Helgelands Blad, torsdag 30. august 1934
- ↑ Nordlands Avis, fredag 31. august 1934
- ↑ Bull og Jetne: Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 249
- ↑ Norsk Tidend, torsdag 23. juni 1938
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, fredag 17. juni 1938
- ↑ Bull og Jetne: Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 250ff
- ↑ Nordlands Avis, søndag 9. april 1933
- ↑ Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-282 [2]
- ↑ 18,0 18,1 Helgeland Arbeiderblad, onsdag 10. november 1948
- ↑ Årbok for Helgeland. 1998/99, side 105
- ↑ Helgelands Blad, mandag 19. juli 1954 "Nordland fylkesmållag"
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, onsdag 22. juni 1955
- ↑ Norsk Tidend, lørdag 15. juni 1957
- ↑ Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-285 [3]
- ↑ 24,0 24,1 Brev av 13. juli 1958 frå Helgeland Fylkesmållag, Mathias Sellæg Moe, til Noregs Mållag (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag)
- ↑ "Årsmelding 1957 frå Nordre Nordland [fylkeslag]." (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag).
- ↑ "Årsmelding 1967 for Nordland Mållag". (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag).
- ↑ Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 282-285 [4]
- ↑ Vefsn og Hattfjelldal var t.d. direkte medlemmar i 1993 (Årsmelding for Noregs Mållag 2001-2002, side 63, med oversyn for åra 1993-2001)
- ↑ "Nordland Mållag ligg framleis nede slik det har gjort i mange år." (Årsmelding for Noregs Mållag 2001-2002, side 26)
- ↑ Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg
- ↑ Nordlands Avis, fredag 8. juli 1927
- ↑ Helgelands Blad, torsdag 13. juni 1929
- ↑ Årsmeldingar frå Nordland Fylkesmållag 1952-53, 1954, 1955 (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag)
- ↑ Årsmeldingar frå Nordland mållag 1967-1978 (Kjelde: Arkivet til Noregs Mållag)
- ↑ Nordlands Framtid, lørdag 11. oktober 1958
- ↑ Fremover, tirsdag 21. mars 1978
- ↑ Nordlands Framtid, onsdag 20. februar 1985
- ↑ Fremover, mandag 12. mai 1986
- ↑ Heide blei vald til leiar på årsmøte 23. mai 1987, han flytta i august 1987, men administrerte fylkeslaget til 1991. Kjelde: "Årsmelding for Nordland mållag 22. mai 1987 - 1. mai 1991"
- ↑ Rana Blad, torsdag 20. juni 1991
- ↑ Helgelands Blad, lørdag 22. juni 1991
- ↑ Liv Ingebrigtsen blei i 1992 tilsett som kultursjef i Ballangen, sjå Fremover, torsdag 14. mai 1992 [5]
- ↑ "Nordland mållag. Årsrapport 1996 v/leiar Kjellrunn Krist. Trohaug"
- ↑ "Referat frå årsmøte i Nordland mållag i Bodø 5. april 1997"
- ↑ "Noregs Mållag: Årsmelding 2018-2020", side 73
- ↑ 46,0 46,1 "Noregs Mållag: Årsmelding 2018-2020", side 73, med denne merknaden: "Desse laga er anten for små (under 10 medlemmer) eller har ikkje levert årsmelding etter 2016."
- ↑ 47,0 47,1 47,2 47,3 Noregs Mållag: Årsmelding 2022-2024 side 80
- ↑ Dersom ikkje anna er oppgitt, så er kjelda: Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-285 [6]
- ↑ Kjell Jacobsen: Fra århundreskiftet til frigjøringsvåren : Vefsnbygdene ca. 1900-1945. Vefsn bygdebok bind 3 [7]
- ↑ Nordlands Folkeblad, mandag 19. mars 1906
- ↑ Helgeland, lørdag 24. juni 1911
- ↑ Helgeland, lørdag 24. juni 1911
- ↑ Ranens Folkeblad, onsdag 26. november 1913
- ↑ Ranens Folkeblad, onsdag 3. desember 1913
- ↑ Ranens Folkeblad, lørdag 3. januar 1914
- ↑ Ranens Folkeblad, onsdag 7. januar 1914
- ↑ Ranens Folkeblad, onsdag 6. januar 1915
- ↑ Nordlands Avis, torsdag 24. desember 1914: Nytt styr i Mo mållag
- ↑ Rana Blad, lørdag 24. februar 2001
- ↑ Dunderlandsdølen, onsdag 24. februar 1926
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 2. mars 1926
- ↑ Årsmelding 1928 for Mo- og Nord-Rana mållag: "Skipa 1926, leiar P. Dahlberg, Skonseng" (Kjelde: NM-arkivet)
- ↑ Helgeland, onsdag 23. oktober 1929
- ↑ Dunderlandsdølen, torsdag 12. desember 1929
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 10. desember 1929
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 20. januar 1931
- ↑ 67,0 67,1 "Lofoten og Vesterålen ungdomslag 1901-1931" Utgjeve av styret i Lofoten og Vesterålen ungdomslag. Side 36-37
- ↑ Den 17de Mai, torsdag 30. mars 1916
- ↑ Nordlendingen, torsdag 3. august 1916
- ↑ Lofotposten, lørdag 24. januar 1920
- ↑ Lofotposten, onsdag 19. november 1930
- ↑ Lofotposten, tirsdag 8. juni 1937
- ↑ Lofotposten, lørdag 25. september 1937
- ↑ Lauvsprett nr 1, 15de januar 1909
- ↑ Salten, onsdag 16. desember 1914
- ↑ Roger Lockertsen kallar laget for "Andenes mållag" i [Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, https://www.nb.no/items/dac428f6152ef05ae6991e19eb7b5949?page=253&searchText=%22Andenes%20m%C3%A5llag%22] side 252
- ↑ Lauvsprett no 20, laurdag 19. november 1910, 4de aargang
- ↑ Norigs maallag : 1906-1914 (side 25-26)
- ↑ Nordlands Folkeblad, mandag 30. september 1912
- ↑ Nordlands Folkeblad, torsdag 31. oktober 1912
- ↑ [Frilyndt ungdomsarbeid i Nordland : eit 50-årsskrift Frilyndt ungdomsarbeid i Nordland : eit 50-årsskrift (side 202)]
- ↑ Helgelands Blad, tirsdag 10. november 1914
- ↑ Den 17de mai, torsdag 4. februar 1915
- ↑ Vesteraalens avis, fredag 23. juli 1909 "Maalstemna paa Straume"
- ↑ Salten, fredag 5. september 1913
- ↑ Noregs Mållag, Rekneskap frå 1/7 1915 (NM-arkivet)
- ↑ Den 17de mai, lørdag 6. mars 1915
- ↑ Nordlendingen, tirsdag 9. oktober 1917
- ↑ Norsk Ungdom, Oslo, nr 2-3, 15. mars 1922
- ↑ Norsk Ungdom, Oslo, 1928, side 79
- ↑ Norsk Ungdom, Oslo, 1928, side 60
- ↑ Norsk Ungdom, Oslo, 1930, side 39
- ↑ Den 17de mai, fredag 7. juli 1916
- ↑ Nordland, onsdag 5. juli 1916
- ↑ Nordland, mandag 29. januar 1917
- ↑ Nordland, fredag 17. september 1920
- ↑ Sigurd Arnekleiv:"Nesna lærarskole femti år : 1918-1968"
- ↑ Lofotposten, onsdag 10. november 1920
- ↑ Sigurd Arnekleiv:"Nesna lærarskole femti år : 1918-1968"
- ↑ "Lofoten og Vesterålen ungdomslag 1901-1931" Utgjeve av styret i Lofoten og Vesterålen ungdomslag, side 38.[8]
- ↑ 101,0 101,1 Bladet Midnattsol nr 21, 16. november 1950
- ↑ Nordlands Avis, lørdag 17. juni 1922
- ↑ Nordlands Avis, fredag15. desember 1922
- ↑ Avis, tirsdag 28. januar 1936
- ↑ Norsk Tidend, laurdag 1. februar 1936
- ↑ "Bygdeboka", Rana Blad 27. juni 2008, side 29
- ↑ Den 17de mai, torsdag 31. januar 1924
- ↑ Den 17de mai, onsdag 29. oktober 1924
- ↑ Brønnøysunds Avis, torsdag 27. september 1928
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 16. februar 1926
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 16. februar 1926
- ↑ Den 17de mai, onsdag 29. april 1931
- ↑ "Årsmelding 1927 for Leirfjord mållag": "Skipa 1925, leiar Oskar Båtstø, Meisfjord" (Kjelde: NM-arkivet)
- ↑ Nordlands Avis, mandag 2. februar 1920
- ↑ "Årsmelding 1928 for Nesna mållag": "Skipa 1925, leiar lærar Arnekleiv, Nesna" (Kjelde: NM-arkivet)
- ↑ Nordlands Avis, fredag 14. juni 1929
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 3. november 1925
- ↑ Nordlands Avis, onsdag 5. mai 1920
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 15. september 1925
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 3. november 1925 [9], Nordlands Avis, tirsdag 2. februar 1926 [10], Nordlands Avis, tirsdag 16. februar 1926 [11]
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 16. februar 1926
- ↑ Helgeland, lørdag 26. januar 1929
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 12. februar 1929
- ↑ Helgeland, lørdag 6. april 1929
- ↑ Nordlands Avis, tirsdag 7. mai 1929
- ↑ Brønnøysunds Avis, torsdag 11. november 1926
- ↑ Helgelands Blad, lørdag 13. november 1926
- ↑ Brønnøysunds Avis, torsdag 24. februar 1927
- ↑ Brønnøysunds Avis, mandag 28. februar 1927
- ↑ Brønnøysunds Avis, mandag 14. mai 1928
- ↑ Brønnøysunds Avis, mandag 24. september 1928
- ↑ Brønnøysunds Avis, mandag 24. februar 1930
- ↑ Den 17de Mai, laurdag 16. januar 1932
- ↑ "Årsmelding 1927 for Tjøtta mållag": "Skipa 1927, d. 9de oktober, leiar lærar Ivar Gamman, Skogsholmen" (Kjelde: NM-arkivet)
- ↑ Haugesunds Avis 6. mai 1952, side 3
- ↑ Nordlands Avis, fredag 31. august 1934
- ↑ Den 17de mai, onsdag 3. mai 1933
- ↑ Norsk Tidend, torsdag 3. april 1941
- ↑ Dersom ikkje anna er oppgitt, så er kjelda: Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, side 281-285 [12]
- ↑ Helgelands Blad, mandag 11. desember 1950 Leirfjord Mållag 25 år
- ↑ Helgelands Blad, fredag 14. desember 1951) "Leirfjord og landsmålet"
- ↑ Helgelands Blad, mandag 17. desember 1951 "Leirfjord og landsmålet (Framhald)"
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, fredag 8. februar 1952
- ↑ Bladet "Midnattsol" 6.5.1947, 17.1.1952.
- ↑ Hveding; Johan: "Frilyndt ungdomsarbeid i Nordland. Eit 50-årsskrift. Marius Evjebergs forlag, Bøstad 1956, side 158: "Mållaget "Vårvon", Straum i Borge (1920). 1931-1956."
- ↑ "Melding om at Gimsøy Mållag i Lofoten er teke oppatt etter å ha kvild i nokre år" (Bladet "Midnattsol", 14. februar 1952.)
- ↑ Lofotposten, mandag 10. desember 1956 Innsamling til Ungarn
- ↑ Hveding; Johan: "Frilyndt ungdomsarbeid i Nordland. Eit 50-årsskrift. Marius Evjebergs forlag, Bøstad 1956, side 167: "Gimsøy mållag. Sydal i Gimsøy (1908). 1930-1950"
- ↑ "Ul Dønning – bygdas samlingspunkt" (100-årsjubileum, Lofotposten 21. november 2008)
- ↑ Haugesunds Avis, tirsdag 6. mai 1952
- ↑ Helgelands Blad, onsdag 10. juni 1953 Innkalling til årsmøte 1953
- ↑ Helgelands Blad, onsdag 20. oktober 1954
- ↑ Helgelands Blad, fredag 22. oktober 1954
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, fredag 27. august 1954
- ↑ Nordlands Avis, fredag 30. oktober 1953
- ↑ Helgelands Blad, onsdag 28. oktober 1953
- ↑ Første årsmelding er sendt inn for 1957, og oppgir "1954" som skipingsår. "Årsmelding 1957 frå Bøstad Målring", (Arkivet til Noregs Mållag)
- ↑ Norsk Tidend, laurdag 2. juni 1956, side 8
- ↑ Tromsø, torsdag 23. juni 1955
- ↑ Fremover, torsdag 4. april 1957
- ↑ "Årsmelding 1974 frå Bjørnskinn mållag til Noregs Mållag" (Kjelde: Noregs Mållags arkiv)
- ↑ Norsk Tidend, lørdag 21. juli 1956
- ↑ Nordlandsposten, lørdag 11. oktober 1958
- ↑ Nordlandsposten, lørdag 2. februar 1957
- ↑ Nordlands Framtid, onsdag 6. mars 1957
- ↑ Nordlands Framtid, lørdag 9. mars 1957
- ↑ Nordlands Framtid, mandag 11. mars 1957
- ↑ Nordlands Framtid, onsdag 13. mars 1957
- ↑ Nordlands Framtid, fredag 15. mars 1957
- ↑ Nordlandsposten, lørdag 23. mars 1957
- ↑ Nordlandsposten, torsdag 4. april 1957
- ↑ Lofotposten, onsdag 27. mars 1957
- ↑ Nordlands Framtid, tirsdag 19. mars 1957 Om sprog og språk. Av Per Straumfors
- ↑ Nordlands Framtid, tirsdag 21. januar 1958 "Noregs Mållag er på offensiven"
- ↑ Nordlandsposten, tirsdag 11. april 1967
- ↑ Nordlands Framtid, fredag 9. mars 2001; Nordlandsposten, onsdag 28. mars 2001
- ↑ Norsk Tidend, lørdag 21. juli 1956
- ↑ Lofotposten, mandag 27. oktober 1986
- ↑ Norsk Tidend, lørdag 21. juli 1956
- ↑ "Årsmelding frå Aasenringen i Nordland til Noregs Mållag", 1968, 1969, 1970 (Arkivet til Noregs Mållag)
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, lørdag 14. februar 1981
- ↑ Lofotposten, torsdag 14. januar 1988
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, onsdag 5. mars 1980
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, lørdag 20. november 1982
- ↑ Nordlands Framtid, onsdag 17. oktober 1979
- ↑ Lofotposten, lørdag 21. april 1979
- ↑ Rana Blad, lørdag 13. oktober 1984
- ↑ Noregs Mållag: Årsmelding 1994, side 47 og Årsmelding 1995-96, side 54
- ↑ Nordlandsposten, onsdag 28. mars 2001
- ↑ Bodø lærerskole 40 år, 1951-1991, Bodø 1993, side 92 : "Bodø Målungdom startet egen avdeling på lærerskolen i 1974" [13]
- ↑ Nordlands Framtid, tirsdag 8. februar 1977
- ↑ [ Nordlandsposten, lørdag 24. september 1983: "Bodø målungdom reorganisert" https://www.nb.no/items/070e30a59b751122aa89e71de996c9c1?page=3&searchText=%22Bod%C3%B8%20m%C3%A5lungdom%22]
- ↑ Nordlandsposten, torsdag 9. november 1989: "Nynorsk i Bodøavisene?"
- ↑ første innlegg er registrert i Rana Blad, torsdag 3. mars 1977: "Dialektaksjon på Nesna"
- ↑ Rana Blad, mandag 4. mai 1981: "Leir for "Målretta" ungdom"
- ↑ Målfront, avisa til Norsk Målungdom, nr 2, 1977 , side 3: "Vågan Målungdom skipa" [14]
- ↑ Lofotposten, mandag 7. februar 1977, side 3: «Vågan har fått Målungdomslag»
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, onsdag 29. oktober 1986: Innbyding til skiping
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, onsdag 18. februar 1987
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, onsdag 13. februar 1991: Årsmøte i Vefsn mållag
- ↑ Helgeland Arbeiderblad, tirsdag 13. mai 1997 "Er Sandal mot lik rett til utdanning for nynorskelevane" (lesarinnlegg), Vefsn Målungdom
- ↑ Rana Blad, onsdag 10. april 1985. Invitasjon til møte om målungdomslag
- ↑ Rana Blad, torsdag 16. august 1990: "Nynorskaksjon i Gågata"
- ↑ Rana Blad, torsdag 16. august 1990: «Nynorskaksjon i Gågata.»
- ↑ Fremover, fredag 15. januar 1988: "Til kamp for nynorsken"
- ↑ Fremover, tirsdag 22. mars 1988: «Nynorsk som einaste riksmål i Noreg», av Holger Lockertsen, leiar i Narvik Målungdom
- ↑ Fremover, tirsdag 3. april 1990: "EF - eit trugsmål" av Holger Lockertsen, leiar i Narvik Målungdom
- ↑ Norsk tidend (Sandane : trykt utg.) : medlemsblad for Noregs mållag. 1989 Nr. 3: "Årsmøte i Nordnorsk Målungdom": "Utsendingar frå lokallaga i (...) Stokmarknes (..) møttest." [15]
- ↑ Arbeiderbladet, tirsdag 21. mars 1989: "Ny leiar i Norsk Målungdom"
- ↑ Norsk tidend : medlemsblad for Noregs mållag. 1991 Nr. 2: "Nytt sentralstyre (i NMU)" [16]
- ↑ «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 12. mai 2024
- ↑ «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 12. mai 2024