Noreg i etterkrigstida

Etterkrigstida er nemninga på tidsperioda etter andre verdskrigen. Noreg, så vel som dei fleste andre land i Europa og Nord-Amerika, opplevde store endringar av politisk, kulturell og økonomisk art i denne perioden.

Stortingsvalet i 1945 markerte tilbakekomsten til det parlamentariske demokratiet etter det nasjonalsosialistiske Tysklands okkupasjon og marionettregjeringa til Nasjonal Samling ved Vidkun Quisling. Valresultatet gav Det norske Arbeidarpartiet majoritet i Stortinget, ein majoritet partiet heldt på fram til stortingsvalet 1965, då dei borgarlege partia danna ei koalisjonsregjering under leiing av Per Borten.[1][2] Ap-statsministeren Einar Gerhardsen var den leiande skikkelsen i rikspolitisk samanheng i denne perioden, og har vorte omtalt som landsfader.

Marshallhjelpa og handelssamband med USA var med på å skapa grobotn for ein enorm økonomisk vekst. Middelklassa voks, og del fattige sokk betrakteleg som følgje av Visjonane til arbeidarpartiet om ein heldekkende velferdsstat. Som elles i Europa sokk arbeidsledigheten, og velstanden auka. Husmorsyrket var høgt akta, og få land hadde større del hjemmeværende mødrer. I 1960 var heile 55 prosent av alle vaksne kvinner husmødre på heltid.[3][4] Som i dei fleste industrilanda sokk sysselsette i primær- og sekundærnæringene i takt med økinga av sysselsette innan tenestenæringa.[5] Som følgje av politiske vedtak om maksimal arbeidstid, og effektivisering innan primær- og sekundærnæringer, søkk mengder timeverk per person i etterkrigstida.[6]

Referansar

endre
  1. Regjeringa.no om E. Gerhardsens første regjering
  2. Om E. Gerhardsens andre regjering
  3. Statistisk sentralbyrå om folketeljinga i 1960
  4. Statistisk sentralbyrå – Ressursside om arbeidsfordeling i Noreg
  5. Statistisk sentralbyrå - Sysselsette personar etter næring 1900-1969
  6. Statistisk sentralbyrå - Arbeidstida redusert med ein tredel etter krigen