Norheimsund kyrkje

Norheimsund kyrkje er ei arbeidskyrkje i Norheimsund i Kvam herad i Vestland fylke. Arkitekt for bygget, som er i mur og tre og har kring 700 sitjeplassar, var Peder A. Ristesund. Kyrkja vart vigsla 4. juni 1989 av biskop Per Lønning etter at grunnsteinen var nedlagt 26. august 1986 av biskop Thor With. Arbeidet med å byggje kyrkja pågjekk med sterk dugnadsinnsats frå bygdefolket frå 1985 til 1992. Det var stiftinga Nytt kyrkjebygg i Norheimsund som stod for reisinga av bygget. Då kyrkja stod ferdig vart ho overført til Kvam herad, som no står for drifta.[1]

Norheimsund kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvam
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Vikøy
Fellesråd Kvam
Stad Norheimsund
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Peder A. Ristesund
Teknikk Mur
Material Tre og mur
Innvigd 1992
Kyrkjegard ved Vikøy kyrkje
Sitjeplassar 700
Kart
Norheimsund kyrkje
60°22′06″N 6°08′37″E / 60.3683°N 6.1436°E / 60.3683; 6.1436
Wikimedia Commons: Norheimsund kyrkje
Norheimsund kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Norheimsund kyrkje
Kyrkja ligg på eit høgdedrag vest for bygdesenteret.

Norheimsund kyrkje høyrer til Vikøy sokn i Hardanger og Voss prosti. Attåt Norheimsund-kyrkja høyrer Vikøy kyrkje frå 1838 til soknet. Det hadde ikkje vore kyrkje i Norheimsund før den noverande kyrkja vart bygd, og folk i området sokna då til Vikøy kyrkje. Det er ikkje gravplass ved kyrkja i Norheimsund og jordsetjingar skjer på gravplassen ved Vikøy kyrkje.

Altertavla i betong og stein av Audun Storaas viser den oppstadne Kristus omgjeven av englar og bibelske motiv.

Orgel (1993) bygd av Ryde & Berg.

Fotnotar endre

  1. «Norheimsund kyrkje». Norges Kirker. Norsk institutt for kulturminneforskning. Henta 3. august 2009. 

Bakgrunnsstoff endre