Norman Eng

Oskar Norman Eng (7. august 184727. august 1921) var ein norsk lege og stortingsmann for Venstre som var fødd i Vadsø.

Norman Eng
Fødd7. august 1847
Død27. august 1921 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Eng var son til ein lege. Han vart student i 1866 og sjølv cand. med. i 1874. Åra 1875-79 dreiv han privat praksis i Stavanger. Frå 1879 var han distriktslege, fyrst i Lenvik, sidan 1891 i Volda og kringliggjande herad.

Oskar Eng var i si tid som student ein innbydarane til stiftinga av Det Norske Samlaget, medredaktør av blada Svein Urædd, Andvake og Fram. Han var ordførar i Lenvik mest heile tida han var der, forlikskommissær i heradet frå 1884. I Volda kom han med heradsstyret i 1897, var ordførar 1905-10. Også der var han ei tid forlikskommissær. Styreformann i Volda & Ørsta Sparebank.

Eng var 1. representant frå Tromsø amtStortinget 1889-1894. Han var i den fyrste valperioden medlem av militærkomiteen, i den andre av næringskomiteen. I tillegg var han 1893-94 medlem av valkomiteen. Til alle dei fire tingsamlingane mellom 1895 og 1906 var han på 1. eller 2. varamannsplass frå Romsdals amt.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914