Norske EØS- og EU-ministrar

(Omdirigert frå Norsk EØS- og EU-minister)

Norsk EØS- og EU-minister, også kjend som Norsk europaminister er medlem av regjeringa i Noreg og statsråd i Utanriksdepartementet med ansvaret for EØS-saker, og Noreg sitt forhold til EU. Posten vart oppretta 16. oktober 2013 av Solberg-regjeringa.

EØS- og EU-minister sidan 20. oktober 2017 er Marit Berger Røsland frå Høgre.[1]

EØS- og EU-ministrarEndra

Norske EØS- og EU-ministrar omfattar alle statsrådane i Utanriksdepartementet med ansvar for EØS- og EU-saker.

Namn Frå Til Parti Regjering
Vidar Helgesen   2013 2015 H Solberg (H, Frp)
Elisabeth Aspaker   2015 2016 H Solberg (H, Frp)
Frank Bakke-Jensen   2016 2017 H Solberg (H, Frp)
Marit Berger Røsland   2017 H Solberg (H, Frp)

KjelderEndra

  1. Ask, Alf Ole (20. oktober 2017). «Tre bytter i Regjeringen – Ine Eriksen Søreide første kvinnelige utenriksminister». Aftenposten. Henta 20. oktober 2017.