Vidar Helgesen

norsk politikar

Vidar Helgesen (fødd 21. november 1968 i Bodø) er ein norsk diplomat og politikar (H). Han var norsk klima- og miljøminister i regjeringa Solberg frå 2015 til 2018.[1] Frå 16. oktober 2013 til 2015 var han statsråd og stabssjef ved Statsministerens kontor i regjeringa Solberg med ansvar for EØS-saker og Noregs tilhøve til EU.[2]

Vidar Helgesen
Vidar Helgesen portrett.jpg
Vidar Helgesen
Foto: Line Håland Aaltvedt / Noreg sin delegasjon til EU
Fødd21. november 1968 (53 år)
Bodø
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
YrkeDiplomat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervNorsk klima- og miljøminister 16. desember 2015–17. januar 2018
FøregangarTine Sundtoft
EtterfylgjarOla Elvestuen
VervNorsk EØS- og EU-minister 16. oktober 2013–16. desember 2015
FøregangarMinisterpost oppretta
EtterfylgjarElisabeth Aspaker
VervStatsråd ved Statsministerens kontor 16. oktober 2013–16. desember 2015
FøregangarKarl Eirik Schjøtt-Pedersen
EtterfylgjarElisabeth Aspaker
VervStatssekretær i Utanriksdepartementet 2001–2005

Han var medlem av sentralstyra i Noregs Gymnasiastsamband 1987–1989 og Unge Høgre 1989–1991, og leia Operasjon Dagsverk 1987–1988. Ein periode var han og nestleiar i Oslo Unge Høgre. I 1994 leia han Høgre sin kampanje før folkerøystinga om EU i 1994. Helgesen var redaktør for boka Partiet, makten og staten frå 1995 og redaksjonssekretær i Tidens tegn 1996–1998.

Helgesen er særleg opptatt av menneskerettar, flyktningproblematikk, fredsmekling, forsoningsprosessar samt FN-politikk. Han var spesialrådgjevar i det internasjonale Røde Kors i Genève 1998–2001 og statssekretær i Utanriksdepartementet 2001–2005 samt generalsekretær i International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA) i Stockholm 2005–2013.

Helgesen har anar frå Gildeskål kommune i Nordland, vart fødd i Bodø, og voks opp på Nøtterøy i Vestfold.[3][4] Han er cand.jur. frå Universitetet i Oslo frå 1998, og praktiserte som advokatfullmektig i Wiersholm, Mellbye & Bech i Oslo i 2001. I 1999 vart han teken opp til Utanriksdepartementets aspirantkurs.[5] Han har publisert fleire artiklar om folkerett og fredsmekling.

KjelderEndra

  1. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 18. januar 2018. 
  2. «Offisielt fra statsråd 16. oktober 2013 kl. 12.00». Statsministerens kontor. Henta 16. oktober 2013. 
  3. «Fiskerne vil ikke ha Aspaker som minister». NRK Nordland. 15. oktober 2013. Henta 15. oktober 2013. 
  4. «Vestfold-kort i regjeringskabalen». Tønsbergs Blad. 3. oktober 2013. Henta 15. oktober 2013. 
  5. UD (8. juli 1999). «Aspiranter til utenrikstjenesten 1999». Aftenposten (morgen utg.): 20. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Vidar Helgesen