Elisabeth Aspaker
Elisabeth Aspaker (fødd 16. oktober 1962 i Harstad) er ein norsk politikar for Høgre. Ho var fiskeriminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 16. desember 2015 og EØS- og EU-minister i same regjering frå 16. desember 2015 til 20. desember 2016.
Elisabeth Aspaker | |
Fødd | 16. oktober 1962 (58 år) |
---|---|
Parti | Høgre |
Yrke | Lærar |
Verv | Norsk EØS- og EU-minister |
- periode | 16. desember 2015–20. desember 2016 |
- regjering | Solberg |
- føregangar | Vidar Helgesen |
- etterfylgjar | Frank Bakke-Jensen |
3. verv | Norsk fiskeriminister |
- periode | 16. oktober 2013–16. desember 2015 |
- regjering | Solberg |
- føregangar | Lisbeth Berg-Hansen |
- etterfylgjar | Per Sandberg |
4. verv | Stortingsrepresentant |
- periode | 1. oktober 2005– |
- valkrins | Troms |
5. verv | Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet |
- periode | 18. juni 2004–30. september 2005 |
- regjering | Bondevik II |
6. verv | 2. nestleiar i Høgre |
- periode | 10. april 1994–29. mars 1998 |
- føregangar | John G. Bernander |
- etterfylgjar | Anne Berit Andersen |
Ho vart vald inn på Stortinget frå Troms i 2005, og ho var vararepresentant i perioden 1993 til 2001.
Aspaker var personleg sekretær for Else Bugge Fougner i Justis- og politidepartementet frå 20. oktober 1989 til 3. november 1990. Ho var politisk rådgjevar for Kristin Clemet i Utdannings- og forskningsdepartementet frå 30. oktober 2001 til 18. juni 2004. Ho var statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet frå 18. juni 2004 til 30. september 2005.
Aspaker var fylkesvaraordførar i Troms frå 1995 til 1999. Ho har vore visepresident i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité.