Steinnype

(Omdirigert frå Nyperose)
Steinnype
Steinnype
Steinnype
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Roseslekta Rosa
Seksjon: Caninae
Art: Steinnype R. canina
Vitskapleg namn
Rosa canina

Steinnype eller klunger (Rosa canina) er ei plante i rosefamilien. Ho er ein 1,5–5 m høg klatrande busk med kraftige seglkrumma tornar og 1–2 cm lange nyper. Det veks ofte fleire planter saman, som rosekratt, kjerr eller klunger. Blomsten er kvitaktig eller rosafarga, og blir til vanleg kalla nyperose.

Steinnypa er lyskrevande, men toler vind og er eigna til mellomtørr, leirete jord, såvel som kalkrik sandjord, medan ho er ueigna til fattig sur jord. Planta dannar rotutløparar og veks raskt. Greinene dannar lange ranker som kan klatre høgt i nabotrea. Rosa toler beskjering. Ho blomstrar i juni-juli. Dei modne nypene er fuglemat om hausten. Steinnypa er veleigna til kantplanting i vilt- og leplantingar og skogbryn.

Planta kan finnast over store delar av verda, men veks helst på tørre stader. I Noreg er ho funnen langs kysten frå Akershus i sør til Trøndelag i nord.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre