Obokonsert av Mozart
Obokonsert i C-dur, K. 314, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart våren eller sommaren 1777 for oboisten Giuseppe Ferlendis (1755–1802) frå Bergamo, så omskriven av komponisten som solokonsert for fløyte i D-dur i 1778.[1] Solokonserten er mykje studert for begge instrument og er ein av dei viktigaste solostykka for obo.[2]
K. 314 Solokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
| |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1777 | ||
Typisk lengd | 20:28 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | C-dur | ||
Instrumentering | obo |
Satsar
endreSom med Fløytekonsert nr. 1, er stykket arrangert for eit standard orkester med strykarar, to oboar og to valthorn.[3]
Stykket er delt inn i tre satsar:
- I. Allegro aperto
- II. Adagio non troppo
- III. Rondo: Allegretto
Fløytekonsert nr. 2
endreFløytekonsert nr. 2 i D-dur er ei tilpassing av den originale obokonserten. Den nederlandske fløytisten Ferdinand De Jean (1731–1797) bestilte fire fløytekvartettar og tre fløytekonsertar av Mozart. I staden for å lage ein ny konsert, omarrangerte Mozart obokonserten han hadde skrive eit år tidlegare som den andre fløytekonserten. De Jean betalte derimot ikkje Mozart for denne konserten fordi han var basert på obokonserten.[2][4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oboe Concerto (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mozart, W. A.; Giegling, Franz (forord) (2003). Konzert in C für Obo und Orchester. Klavierauszug. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. IV. ISMN M-00645740-3
- ↑ 2,0 2,1 Riordan, George. The History of the Mozart Concerto K. 314 Arkivert 2007-02-07 ved Wayback Machine.. International Double Reed Society & University of Colorado, College of Music.
- ↑ Fløyte Concerto No. 2 in D-dur, K. 314 (K. 285d). Allmusic.
- ↑ Freed, Richard. Flute Concerto No. 2 in D-dur, K. 314. John F. Kennedy Center for the Performing Arts. oktober 5–7, 2006
Bakgrunnsstoff
endre- Oboe Concerto in C KV 314 (285d): partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Flute Concerto No. 2 in D KV 314 (285d): partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Performance of Flute Concerto by the Gardner Chamber Orchestra with solist Paula Robison from the Isabella Stewart Gardner Museum in MP3 format