Obrestad fyrstasjon

Obrestad fyrstasjon er ein fyrstasjonObrestad i Hå kommune. Fyret ligg mellom Obrestad hamn og Hå gamle prestegard.

Obrestad fyrstasjon

Foto: Jarle Vines

FylkeRogaland
Kommune
FunksjonKystfyr
Oppretta1873
Koordinatar58°39.4808′N 5°33.2563′E / 58.6580133°N 5.5542717°E / 58.6580133; 5.5542717
Fyrtårn
Høgd16,5
FormFyrbygning med tårn
ByggjematerialeGranitt
Fyrlys
LyskarakterFast lys med blink kvart 30. sek.
Lyshøgd39,0 moh.
Lysvidde17,6 nm
Status
EigarHå kommune
Automatisert1991
Avfolka1991
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Obrestad fyrstasjon
58°39′29″N 5°33′16″E / 58.65805556°N 5.55444444°E / 58.65805556; 5.55444444
Obrestad fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Obrestad fyrstasjon

Kystkulturdagen 11. juni 2006 markerte Hå kommune overtakinga av fyret, etter kjøp frå staten. Fyret vart bygd opp frå 1873 med fyrbygg med fyrtårn, fyrvaktarbustad, uthus og veg ned til havet. Fyrstasjonen vart automatisert og avfolka i 1991. I tida etterpå har fyret vorte drive som museum og utleigebustad. Fyret vart den 3. november 2000 freda i medhald av kulturminnelova.

Klima

endre

Vêrstasjonen på Obrestad fyr har vore i drift sidan januar 1919 og har synopnummer 1412. Stasjonen ligg 24 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 1,1 0,7 2,3 4,5 8,4 11,3 12,8 13,5 11,6 9,0 5,1 2,7 6,9
Nedbør (mm) 114 77 88 64 77 77 97 117 156 160 156 126 1309

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre