Oddrunn Pettersen

norsk politikar

Oddrunn Kristine Helene Pettersen (5. mars 193730. november 2002) var ein norsk politikar, fødd i Hadsel i Nordland. Ho var administrasjonsminister eit halvår i 1989 og fiskeriminister 1990-92, samstundes som ho representerte Finnmark og ArbeidarpartietStortinget frå 1977 til 1993.

Oddrunn Pettersen
Fødd5. mars 1937
Hadsel
Død30. november 2002 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Pettersen, som var dotter til ein industriarbeidar, fekk seg jobb som lærar i Berlevåg i 1958 og arbeidde ved Berlevåg skole til 1968. Ho tok då over styrarstillinga ved skulen, og hadde denne til ho vart stortingsrepresentant i 1977.

Hausten 1975 vart Pettersen vald inn i kommunestyret i Berlevåg. Kommunestyret valde henne til ordførar for 1976-77. Ved stortingsvalet i 1977 kom ho inn på Stortinget for Finnmark og Arbeidarpartiet, og stilte dermed ikkje ved ordførarvalet i heimkommunen same hausten. På Stortinget fekk ho plass i Samferdslekomiteen, men allereie tre månader seinare vart ho i staden vald til formann i Kommunal- og miljøvernkomitéen, i samband med at det vart gjort endringar i samansetjinga av regjeringa Nordli. Ho heldt fram i same komiteen valbolken 1981-85, då som meinig medlem. Frå 1985 til våren 1989 var ho medlem av Samferdselskomitéen.

Den 28. april 1989 kom Pettersen med i den andre Brundtland-regjeringa då ho tok over statsrådposten i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet. Ei lite halvår seinare måtte regjeringa forlate statsrådtaburettane. Tilbake i Stortinget vart Pettersen sekretær i Sjøfarts- og fiskerikomitéen. Då Gro Harlem Brundtland danna si tredje regjering 3. november 1990, vart Pettersen den ny fiskeriministeren. Så pass tidleg som 4. september 1992 måtte ho gje frå seg leiarskapen av Fiskeridepartementet til partikollegaen Jan Henry T. Olsen. Siste heile året på Stortinget, 1992-93, var ho medlem av Utanriks- og konstitusjonskomitéen.

Etter Pettersen gjekk ut av Stortinget i 1993 arbeidde ho som leiar av Barentssekretariatet i Kirkenes. Ho døydde i Kirkenes, 65 år gammal.

Kjelder endre