Oddvar Nes

Oddvar Sigmund Nes (fødd 27. desember 1938 i Volda, død 18. september 2016)[1] var ein norsk professor i nordisk språkvitskap, særleg nynorsk, ved Universitetet i Bergen.

Oddvar Nes
Fødd 27. desember 1938
Volda
Død

18. september 2016 (77 år)

Yrke lingvist

Det meste av den faglege produksjonen til Oddvar Nes fell innom namnegranskinga, og han har særleg arbeidt med etymologiske spørsmål. Det kjem til uttrykk alt i magistergradsavhandlinga hans i germansk målvitskap, «Studiar i dei eldste nordvestlandske fjordnamna». Nes har vidare arbeidt med leksikografi, dialektar og fonetikk.

Saman med Jarle Bondevik og Terje Aarset har Oddvar Nes stått bak Ivar Aasen-selskapet, og dei tre har sidan 1992 stått føre eit omfattande vitskapleg arbeid med å gje ut dei etterlatne skriftene åt Ivar Aasen, med notar, innleiingar og kommentarar.

Oddvar Nes har vore namnekonsulent for fylkeskartkontora i Sogn og Fjordane og Hordaland, og var namnekonsulent for Vestlandet. Han har i tillegg vore redaktør for tidsskriftet Namn og Nemne (1984-2004).

Oddvar Nes var tilsett ved Universitetet i Bergen frå 1964 til han gjekk av ved aldersgrensa som 70-åring i 2008. Han fekk i 2009 kongens fortenestmedalje i sølv for innsatsen sin.

LitteraturEndra

  • Akselberg, Gunnstein og Jarle Bondevik (red.) 1998. «Ord etter ord. Heidersskrift til Oddvar Nes 27. desember 1998.» Bergen: Norsk Bokreidingslag.
  • Nes, Oddvar. 2008. «Nes om namn. Heidersskrift til Oddvar Nes på 70-årsdagen 27. desember 2008.» Redigert av Gunnstein Akselberg og Ole-Jørgen Johannesen og med bibliografi redigert av Jarle Bondevik og Ole-Jørgen Johannesen. Bergen: Norsk Bokreidingslag.

ReferansarEndra

  1. «Oddvar Nes 1938-2016». Sagabok. Henta 12. januar 2017.