For oktett i datavitskap, sjå byte i informatikk.

Oktett (frå latin octo, 'åtte', gjennom italiensk) er ei musikalsk nemning for ei musikkgruppe med åtte medlemmer eller eit verk skrive for ei slik gruppe. Tittelen blei først brukt om komposisjonar på 1800-talet.

Åtte songarar framfører «The Octet» frå revyen Hitting Back.
Noteblad frå Schubert sin oktett i F-dur, D 803.

Alle slags instrument og stemmar kan danna ein oktett, men nokre samansetjingar er vanlegare enn andre i ulike musikktradisjonar. Oktett er ei av dei største gruppene som kan spela kammermusikk. Her finn ein gjerne reine strykeoktettar, i nokre høve «doble kvartettar» med to par fiolinar, to bratsjar og to celloar.

Oktettar er vanlege innan jazz og som ulike slags kor, og mindre vanlege innan rock og popmusikk.

Døme endre

Kjelder endre

«oktett» i Store norske leksikon, snl.no.