Ola Elvestuen

norsk politikar

Ola Elvestuen (fødd 9. oktober 1967 på Vestre Toten) er ein norsk politikar for Venstre. Han var klima- og miljøminister i regjeringa Solberg frå 17. januar 2018 til 24. januar 2020.[1]

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen
Foto: Audun Halaas / Venstre
Fødd9. oktober 1967 (56 år)
Vestre Toten kommune
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervNorsk klima- og miljøminister 17. januar 2018– 24. januar 2020
FøregangarVidar Helgesen
EtterfylgjarSveinung Rotevatn
Alle verv

Elvestuen har vore nestleiar i Venstre sidan 2008 og vald inn på Stortinget frå Oslo sidan 2013, etter å ha vore vararepresentant sidan 2001. Elvestuen vart byråd for miljø og samferdsel i Oslo i oktober 2011. Han er bror av Per Elvestuen.

Elvestuen studerte i åra 1989–1994 cand.mag. ved Universitetet i Oslo, med sosialantropologi, mellomfag i statsvitskap.[2] Han har også gjennomført sjefskurset ved Forsvarets høgskole.[3]

Kjelder endre

  1. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 18. januar 2018. 
  2. Hagi, Ali (19. september 2007). «Tok seg frihet til fri». Universitas. 
  3. http://www.venstre.no/troms/sorreisa/artikkel/42007/

Bakgrunnsstoff endre