Sveinung Rotevatn

norsk politikar

Sveinung Rotevatn (fødd 15. mai 1987) er ein norsk politikar, stortingsrepresentant og statssekretær for Venstre. Han er frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn i 2015
Foto: Jo Straube / Venstre
Fødd15. mai 1987 (37 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
Alle verv

Han var frå januar 2018 statssekretær for justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug og frå april 2018 for Tor Mikkel Wara. Frå 24. januar 2020 er han klima- og miljøminister for regjeringa Solberg.

Rotevatn starta si Unge Venstre-karriere som økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre i 2007. Han vart medlem av sentralstyret i 2008 og deretter 1. nestleiar i 2009. Rotevatn var også aktiv studentpolitikar for Liberal Liste ved Universitetet i Bergen 2007–2009. I 2009 var han valkampsekretær for Sogn og Fjordane Venstre, og han sat som styremedlem i fylkeslaget 2009–2011. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 vart Rotevatn vald inn i Eid kommunestyre. Frå 2012 til 2014 var han styremedlem i Noregs Mållag.

Han vart leiar i Unge Venstre i 2010. Under landsmøtet i september 2013 gjekk han av som leiar, og gav jobben vidare til Tord Hustveit. Rotevatn var innvald på Stortinget frå Sogn og Fjordane 2013-2017.

Han har tidlegare vore i teneste i musikktroppen til Hans Majestet Kongens Garde. Rotevatn har studert rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Frå 2012 var han medlem av landsstyret i Noregs Mållag.

I 2012 vart Rotevatn kåra til årets europear av Europeisk Ungdom. I 2016 vart han i boka Makteliten[1] peikt på som ein av Norges 252 mektigaste personer. Rotevatn var yngstemann på lista, og den einaste frå Sogn og Fjordane.

I 2014 ga han ut boka Liberalisme på norsk[2] hos Civita, der han mellom anna skriv om frihandel, miljøpolitikk og velferdsstaten si bærekraft.

Etter at han ikkje fekk attval til Stortinget i 2017 begynte Rotevatn som advokatfullmektig i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange (SANDS)[3] Han fekk permisjon frå stillinga då han vart utnemnd som statssekretær i Erna Solbergs regjering.

Komitear

endre

Bibliografi

endre

Bøker

endre

Kjelder

endre
  1. Åmås, Knut Olav (2016). Makteliten. 252 kvinner og menn som styrer Norge. Kagge. s. 204. ISBN 9788248918516. 
  2. Rotevatn, Sveinung (2014). Liberalisme på norsk. Civita. ISBN 9788292581636. 
  3. Rett24. «Fra sosialkomiteen til M&A - Sveinung Rotevatn går til SANDS». rett24 (på engelsk). Henta 21. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre