Olaf B. Løhre

norsk politikar


Olaf Bertram Løhre (31. desember 18775. mai 1957) var ein norsk jarnbanearbeidar og politikar frå Strinda i Sør-Trøndelag, stortingsmann for Det norske Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske Parti.

Olaf B. Løhre

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. desember 1877
Strinda kommune
Død

5. mai 1957 (79 år)

Yrke politikar
Politisk parti Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti

Far til Løhre var lærar og gardbrukar i Bleiklia i Strinda. Sjølv arbeidde Løhre på farsgarden til 1897. Sidan var han nokre år på anleggsarbeid. Frå 1901 til 1920 var han tilsett i Statsbanene som sporskiftar og underkonduktør. I 1920 vart han overkonduktør, men vart oppsagt same året, etter han under ein jarnbanestreik fylgde fagforeininga sitt pålegg om å nekte overtid, såleis forlet han toget på Tynset stasjon utan å skifte det vekk frå hovudsporet på stasjonen. Seinare fekk han jobb att i Statsbanene og var ekstrastasjonsbetjent 1924–28 og overkonduktør 1928–40.

Løhre hadde ei rekke tillitsverv i politiske og faglege organisasjonar i Trondheim. Han var også styremedlem i Statsbanenes Konduktørforbund og i Norsk Jernbaneforbund.

Hausten 1921 vart Løhre vald inn på Stortinget frå valkrinsen Trondhjem og Levanger, på Tinget med sete i Lønskomiteen og som nestformann i komiteen 1922-sesjonen. Då Arbeidarpartiet vart splitta hausten 1923 valde han, som eit fleirtal av trønderane, å vere med på danninga av Norges Kommunistiske Parti. Han lukkast ikkje verte attvald til Stortinget i 1924, derimot vart han på ny stortingsmann for NKP i perioden 1928-30, også då med sete i Lønskomiteen. Løhre var elles medlem i Trondheim bystyre 1922–28 og frå 1937 til bystyret vart oppløyst av okkupasjonsstyret i 1941. Under den andre verdskrigen tok Løhre del i kommunistane sin flyktningtransport på Meråkerbanen.

Stortingsmann Ole Ingebrigtsen Soelberg var oldefar til Løhre.

Kjelder endre