Olaf Kolsum
norsk politikar
Olaf Martin Kolsum (9. juli 1873–1. mai 1962)[1] var ein norsk politikar for Venstre. Han var ordførar i Tromsø i periodane 1914-16, 1923-25 og 1933-34, og var stortingsrepresentant innvald for kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark frå 1937 til 1945.
Olaf Kolsum | |||
Fødd | 9. juli 1873 Skogn | ||
---|---|---|---|
Død | 1. mai 1962 (88 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Ordførar i Tromsø 1914-1916 | ||
Føregangar | Arnold Holmboe | ||
Etterfylgjar | Arnold Holmboe | ||
Verv | Ordførar i Tromsø 1923-1925 | ||
Føregangar | Thorvald B. Moe | ||
Etterfylgjar | Johan Rydningen | ||
Verv | Ordførar i Tromsø 1933-1934 | ||
Føregangar | Jens Isak Kobro | ||
Etterfylgjar | Nils Meland | ||
Alle verv |
|
Etter at han hadde drive som bod i Trondheim og Bodø, kom han i 1898 til Tromsø, og starta kolonialforretning der året etter. Forretningen hans kom etter kvart til å omfatta blant anna AS Tromsø Skibsverft & Mekaniske Verkstad, Nordnorsk Importkompani AS, AS Provianteringen og Stokmarknes Mekaniske Verkstad. I tillegg til åra som ordførar var han medlem av Tromsø bystyre 1911-37 og varaordfører i fleire periodar. På Stortinget var han medlem i Kommunalkomiteen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Olaf Kolsum» frå Wikipedia på bokmål, den 5. juli 2016. Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Vilhelm Haffner: Stortinget og statsrådet 1915-1945 - Bind 1 Biografier. Oslo 1949 (s. 412-413, digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- E. Hoffstad: Hvem er hvem i næringslivet?- Merkantilt biografisk leksikon. Oslo 1939 (s. 506-507, digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- Biografi hos Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste Arkivert 2016-08-16 ved Wayback Machine. (besøkt 14. oktober 2012)