Olaf Skavlan
Olaf Skavlan også kjend som Ole Skavlan (fødd 25. januar 1838 i Stranda på Sunnmøre, død 31. mai 1891 i Kristiania) var ein norsk litteraturhistorikar. Han var son av Aage Schavland og Gerhardine Pauline f. Bergh. Skavlan var bror av Sigvald Skavlan og svoger av politikaren Ludvig Daae. Dottera Aagot Kielland Skavlan var gift med arkitekten Arnstein Arneberg. Sonen Einar Skavlan var redaktør i Dagbladet.
Olaf Skavlan | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. januar 1838 Stranda kommune |
Død |
31. mai 1891 (53 år) |
Yrke | skodespelforfattar, litteraturhistorikar, biograf |
Språk | norsk |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Aage Schavland |
Olaf Skavlan på Commons |
Han tok juridisk eksamen i 1861. Medan han var student skreiv han talrike studentviser og studentkomedier, mellom andre Gildet paa Mærrahaug, ein parodi på Ibsens Gildet paa Solhaug. I 1871 vart han universitetsstipendiat i nyare europeisk litteratur og ei kort tid var han artistisk direktør ved Christiania Teater.
I 1871 kom også hans einaste større verk, Holberg som Komedieforfatter. Kort etter hadde han eit lengre opphald i København. Medan han var i Paris 1876, fekk han vite at regjeringa hadde foreslått for Stortinget å opprette ein eigen post i allmenn litteraturhistorie for han. Stortinget løyvde midlane.
I si tid ved universitetet utgav han berre ei avhandling, om Henrik Wergeland. Omtrent ni år før sin død vart han ramma av ein hjernesjukdom, som førte til at han i fleire år var fullstendig arbeidsudyktig. Seinare tok han opp att arbeidet på universitetet, men utan den tidlegare styrken.
Han var gift med Dagmar Kielland, ei søster av Alexander Kielland.
Kjelder
endre- Georg Brandes: Olaf Skavlan, 1891.
- Digitaliserte bøker av Skavlan hos Nasjonalbiblioteket.
- Olaf Skavlan i Norsk biografisk leksikon