Opna hovudmenyen

Olav Benum

norsk bonde og politikar

Olav Benum (5. september 189727. juni 1990) var ein norsk gardbrukar, agronom og politikar frå Beitstad i Nord-Trøndelag. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå 1945 til 1961, og fylkesordførar i Nord-Trøndelag 1966–67.

Olav Benum
Olav Benum, Stortingsarkivet.jpg
Fødd5. september 1897
Beitstad
Død27. juni 1990
Namsos
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet

Benum var son til ein folkehøgskulestyrar, og gjekk sjølv Namdal folkehøgskole 1914–15, Mære landbruksskole 1915–17 og vart i 1919 utdanna sivilagronom frå Noregs landbrukshøgskule. Deretter var han gardsstyrar og timelærar ved Namdal folkehøgskole, og åra 1924-29 oppkjøpar for Statens kornforretning. I 1932 tok han over garden Havik i Vemundvik ved Namsos. Seinare var han fylkesagronom i Nord-Trøndelag 1941–42 og 1945–62.

Benum var ordførar i Vemundvik i åra 1938–41 og 1945. Under andre verdskrigen sat han ei kort tid fengsla av den tyske okkupasjonsmakta. Han flykta så til Sverige, der han 1942-25 arbeidde ved Den norske legasjon i Stockholm.

I 1945 vart han vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag, der han hadde fast plass til 1961. Heile tida han var tingmann, var han medlem av landbrukskomitéen.

Benum var fylkesvaraordførar i Nord-Trøndelag i 1963, og medlem av Namsos bystyre 1963–71. Etter at Johan A. Vikan vart formann i Norges Bondelag i 1966, tok Benum over som fylkesordførar, ein posisjon han hadde ut året 1967.

Frå 1959 var Benum riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

KjelderEndra