Olav Bruvik

norsk politikar

Olav Bruvik (22. november 191330. desember 1962) var ein norsk fagforeiningsleiar og politikar for Arbeidarpartiet.

Olav Bruvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1913
Haus kommune
Død

30. desember 1962 (49 år)

Yrke politikar, fagforeiningsleiar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Olav Bruvik var statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i Einar Gerhardsen si tredje regjering frå 18. februar 1961 til han døydde.

Olav Bruvik var fødd i Haus. Han tok Statens husindustriskole på Haus i 1929, og arbeidde som smed frå 1930 til 1935. Han var deretter stolstillarlærling ved Arna Fabrikker 1935-1937, gjekk på Lennings Texstiltekniske Institutt i Norrköping 1937-1938, og arbeidde så som stolstillar ved Arna Fabrikker 1938-1944.

Han blei med i motstandsrørsla under den andre verdskrigen, og fekk deltakarmedaljen i 1945.

I 1945 vart han nestformann i Norsk Tekstilarbeiderforbund, og var så formann frå 1949 til han døydde i 1962. Han var også medlem i sekretariatet i LO 1953-1961.

Verv endre

Tillitsverv i fagrørsla:

Tillitsverv i parti:

  • Formann Ytre Arna Arbeiderungdomslag 1935-1937
  • Formann Haus herads Arbeiderparti frå 1945
  • Formann Framfylkingens venner frå 1958
  • Varamedlem Det norske Arbeiderparti sitt sentralstyre 1959-1961
  • Medlem styret for Oslo Arbeidarparti

Offentlege verv:

  • Medlem Bransjerådet for tekstilindustrien 1949-1962
  • Varamedlem Direksjonen for Noregs Bank 1953-1962
  • Medlem Målsettingsutvalget 1955-1956

Litteratur endre

  • Bruvik, Olav: Tillitsmannen i tekstil, Oslo 1957
  • Bruvik, Olav: Fagorganisasjonen viser vei. Fagorganisasjonen og det moderne samfunn, Oslo 1962

Kjelder endre