Olav Dørum (7. desember 192219. september 1987) var ein norsk bistandsarbeidar, diplomat og ambassadør.[1]

Olav Dørum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. desember 1922
Død

19. september 1987 (64 år)

Yrke diplomat

Dørum voks opp på Bekkelaget utanfor Oslo og var med i Milorg under andre verdskrigen. Han byrja arbeida i Utanriksdepartementet i 1947, og tenestegjorde først som kansellist i Hong Kong. Frå 1951 til 1972 arbeidde han for UD i Oslo, frå 1972 til 1974 i Lusaka som Norad-representant. Frå 1973 til 1975 var han hovudansvarleg for den direkte kontakten for norske styresmakter med frigjeringsrørsler som ANC, SWAPO, MPLA, ZAPU og ZANU.[2] Etter ytterlegare to år i Oslo og UD vart han i 1978 ambassaderåd ved den norske ambassaden i Kairo og i 1979 chargé d'affaires i Beirut.[3] Han var sendemann (ambassadør) til Tanzania, stasjonert ved ambassaden i Dar-es-Salaam frå 1982 til 1985 og sideakkreditert til Botswana og Angola. Frå tidleg i 1987 var han ambassadør stasjonert ved den norske ambassaden i Harare i Zimbabwe, sideakkreditert til Zambia.

Dørum vart påkøyrt og døydde i Genève same haust.[4] Påstanden om at det var ein likvidasjon, vart avkrefta av norsk politi året etter.[5] I 1996 bad familien om gjenopptaking av etterforskninga.[6][7] Innstillinga frå Politiets tryggingsteneste til Lasse Qvigstad året etter avfeide teorien om attentat.[8] I 2000 kom det ut ein NRK-dokumentar om Dørum.[9]

Kjelder endre

  1. Fødselsdato henta frå gravferdsetaten i Oslo.
  2. Norsk ambassadør ble likvidert? i NTB tekst den 16. juli 1988.
  3. W. G. Solberg, Olav Dørum, nekrolog i Aftenposten den 23. september 1987.
  4. Olav Heltne, Norsk ambassadør i ulykke den 22. september 1987, nemner at Dørum blei kjørt ned av ein full student frå Namibia.
  5. Tor Strand, Drept av Botha? i VG 16. juli 1988, nemner at politiet etterforska ulukka med sjåføren Hans Guibeb som drapssak.
  6. Geir Selvik, Ba presidenten om beskyttelse. Gjerningsmannen drept i 1989 i Dagbladet den 2. oktober 1996.
  7. Ifølgje —min bror ikke agent Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine. i VG den 10. april 1996, var broren Andreas Guibeb ein student som bodde i Genève da ulykken skjedde. Andreas Guibeb blei senere namibisk ambassadør til Zambia.
  8. Tror ikke på attentat mot Dørum i NTB tekst den 26. august 1997.
  9. Hvorfor døde Olav Dørum? frå NRK den 29. november 2000.