Olav Eysteinson Fjærli
Olav Eysteinson Fjærli (25. mars 1883–29. januar 1947) var ein norsk jordbruksmann og stortingsrepresentant for Venstre, fødd i Valsøyfjord.
Olav Eysteinson Fjærli | |
![]() | |
Fødd | 25. mars 1883 Halsa |
---|---|
Død | 29. januar 1947 (63 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet |
Barn | Eystein Fjærli |
Bondesonen Fjærli dreiv gard i heimbygda frå han var 18 år gammal og i seks år framover. Etter tre års studiar gjekk han ut frå Noregs Landbrukshøgskule i 1910, og var dei neste fem åra jordbrukslærar. Frå 1916 til 1930 var han fylkesagronom i Møre fylke. Sidan 1930 var han styrar for Statens Småbrukslærarskule på Hvalstad i Asker. Han var gjennom mange år ein flittig bidragsytar i dagspressa om både jordbruk og politikk.
Frå 1919 til 1933 var Fjærli stortingsrepresentant frå Møre. I den fyrste treårsperioden representerte han einmannskrinsen Romsdal, med plass i næringskomite nr 2. Dei neste tre valperiodane var han med i landbrukskomiteen, siste perioden som sekretær. Siste tingperioden, 1931-33, var han sekretær i skog- og vassdragskomiteen. I alle år på Stortinget var han medlem av partiet Venstre. Utanom stortingsvervet var han formann i Romsdals Landmannslag 1919-30, i Romsdals Sals- og kjøpelag 1919-24, samt styreformann i Landbruksfunksjonærenes Landsforbund frå 1922.
Han vart gravlagd i Molde.
KjelderEndra
- Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1953
BakgrunnsstoffEndra
- Biografisk informasjon om Olav Eysteinson Fjærli NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv