Olav III av Noreg

norsk konge 1067–1093
(Omdirigert frå Olav III)

Olav III Haraldsson (105022. september 1093) var konge av Noreg frå 1067 til 1093, og var son av kong Harald III Hardråde. Olav III Haraldsson vert ofte omtala som Olav Kyrre.[1] Tilnamnet «Kyrre» tyder «den fredsame» eller «den stille».

Olav III

Konge av Noreg
Regjeringstid10671093
Fødd1050
FødestadNoreg
Død22. september 1093
DødsstadRanrike
GravstadNidarosdomen
Gift medIngrid Svendsdatter
DynastiHardrådeætta
FarHarald III av Noreg
MorTora Torbergsdotter
BornMagnus III av Noreg

Han var med i hæren til Harald Hardråde då han reiste til England, men han var ikkje med i slaget ved Stamford bru i 1066. Då han året etter kom heim til Noreg, vart han innsett som konge saman med broren sin, Magnus II Haraldsson. Magnus døydde allereie i 1069, og Olav vart då konge åleine.

Olav Kyrre skal ha grunnlagt Bergen by i 1070. Olav Kyrre sin einaste son, Magnus III Olavsson Berrføtt, tok over som konge då faren døydde i 1093 i Håkeby, Tanum. Gravlagd i Nidaros.

Soger om Olav Kyrre og andre norske kongar er nedskrivne av islendingen Snorre Sturlason i Heimskringla.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Olav III av Noreg