Olav L. Hannisdal

Olav L. Hannisdal (1. januar 192018. oktober 2017) var ein norsk forfattar, og tidlegare redaktør, lærar, rektor og lokalpolitikar (KrF). Han var ein av skiparane av avisa Strilen og mangeårig redaktør.[1] I 2005 fekk han Kongens fortenestemedalje i sylv for innsatsen sin.[2]

Olav L. Hannisdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. februar 1920
i Lindås
Død

18. oktober 2017 (97 år)

Yrke skribent
Debut Sand i eit timeglas

Attåt arbeidet som lærar og rektor i Lindås var Hannisdal redaktør for Strilen frå 1961 til 1977. Han sat i kommunestyret og på fylkestinget for Kristeleg Folkeparti, og var aktiv i Lindås og Nordhordland indremisjon, Motorførernes Avholdsforbund, Lindås fråhaldslag og Lindås mållag.[1] Hannisdal skreiv òg tre romanar og nokre sakprosabøker. Han debuterte som skjønnlitterære forfattar med Sand i eit timeglas i 1978.

Bøker

endre
  • 1978 – Sand i eit timeglas – Roman
  • 1980 – Medaljen – Roman
  • 1987 – Honning or berg – Roman

Prisar og utmerkingar

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Jon Hallstein Tjore (13. desember 2005). «Kongesølv til Strilen-grunnleggjaren». Strilen. Henta 27. februar 2013. 
  2. 2,0 2,1 «Olav L. Hannisdal». kongehuset.no. Henta 27. februar 2013. 
  3. «Kulturprisen i Lindås». scandion.no. Henta 27. februar 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre