Strilen
Strilen er ei avis som har hovudkontor i Lindås. Avisa kjem ut i Nordhordlandskommunane, samt i Gulen kommune i tidlegare Sogn og Fjordane. Ho kjem ut 3 gonger i veka.
Strilen | |||
Type | Dagsavis (tre utgåver i veka) | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid | ||
Oppretta | 1961 | ||
Grunnleggjar | Olav L. Hannisdal | ||
Første trykk | 1961[1] | ||
Målform | Nynorsk | ||
Regionavis for | Nordhordland og Gulen i tidlegare Sogn og Fjordane | ||
Eigarskap | HS-Invest As (55,5%), Lambert Wulf (7,8%), andre (36,7%).[2] | ||
Opplag | 5 049 (2014) | ||
Redaksjonskontor | Kvassnesvegen 23 | ||
Postnummer | 5914 | ||
Stad | Isdalstø | ||
Ansvarleg redaktør | Stig Erik Elliot | ||
Nettstad | strilen.no |
Sjefsredaktør er Stig Erik Elliot. Avisa Strilen er i konkurranse med avisa Nordhordland.
Namnet Strilen kjem av «stril», eit namn på folket i Nordhordland og Midhordland utanom Bergen. Desse regionane vert ofte til saman kalla «Strilelandet».
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[3]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 6 637 |
2001 | 6 091 |
2002 | 5 826 |
2003 | 5 636 |
2004 | 5 551 |
2005 | 5 263 |
2006 | 5 306 |
2007 | 5 311 |
2008 | 5 357 |
2009 | 5 371 |
2010 | 5 316 |
2014 | 5 049 |
Tidlegare avis med same namn
endreStrilen, blad for den vestlandske bonde-, fisker- og arbeiderbefolkning, kom ut frå 7. oktober 1911 til slutten av året 1915. Redaktør var Olav Hauge (1872-1936) frå Strandvik. Strilen fungerte som regionavis for Midthordland og litt til og inneheldt mykje stoff frå Fusa. Dei første åra kom avisa ut i Bergen, kvar laurdag. I 1915 satsa Hauge friskt og starta eige trykkeri i Os. Frå og med 19. mai 1915 kom avisa ut onsdag og laurdag. Det skulle visa seg å bli for tøft økonomisk, og Strilen sovna inn på slutten av 1915. Ei bortimot komplett samling Strilen-aviser er i etterkomarane si eige. [4] Denne avisa blei gitt ut på bokmål.
Kjelder
endre- ↑ Nynorsk faktabok Vitja 25. juni 2008
- ↑ «medieregisteret.no». Henta 25. juni 2008.
- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
- ↑ [1][daud lenkje] Fusa folkebibliotek, Lokalhistorisk Arkiv i Fusa, trykt i "Heilt andre tider" bd. II, s. 424. Vitja 13. mai 2016