Olav Sæter

norsk politikar

Olav Jørgen Sæter (26. november 188424. november 1951) var ein norsk lærar, pressemann og politikar frå Elverum. Han var stortingsrepresentant frå Hedmark for Arbeidarpartiet i tida 1921-45, og ordførar i Elverum kommune 1932-40.

Olav Sæter

Fødd26. november 1884
Elverum
Død24. november 1951 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (21. desember 1947), Elverum Uavhengige Arbeiderparti (1951)
Yrkepolitikar
BarnOlav Sæter
Alle verv

Sæter var son til ein småbrukar. Etter middelskuleeksamen i 1901 tok det noko tid før han fekk råd til å fullføre utdanninga i 1906 med eksamen frå lærarskule. Frå 1906 til -11 underviste han i folkeskulen i Dovre herad, der han frå 1910 var medlem i heradsstyret. Deretter var han lærar i Elverum til 1915. Frå 1916 var han redaktør av Østerdalens Sosialdemokrat inntil avisa i 1932 var slått saman med Hamar Arbeiderblad.

Valperioden 1919-22 var Sæter varaordførar i Elverum heradsstyre. Hausten 1921 vart han vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Hedmark. Ved dei neste fem stortingsvala vart han attvald og vart såleis verande stortingsrepresentant til 1945. Dei to tingperiodane 1922-24 og 1925-27 var han medlem i Protokollkomiteen, medan han bolken 1928-30 var formann i Jarnbanekomiteen. Seinare var han 1931-33 og 1937-45 medlem i Militærkomiteen, i den mellomliggjande valperioden 1934-36 hadde han plass i Veg- og jarnbanekomiteen.

I tida frå 1931 til 1940 var Sæter også ordførar i Elverum. Frå 1932 arbeidde han atter som lærar, då ved Leiret skole til han i mars 1942 vart ein av dei lærarane som NS-styret sende til Kirkenes med dampskipet «Skjerstad». Etter å ha vore fri sidan september 1942, vart han arrestert på ny og sat i fangeleiren Grini frå 5. februar 1943 til 5. februar 1944. I september 1944 flykta han til Sverige.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre