Olaf Sveinsson
Olaf Sveinsson (18. desember 1842–1. april 1922) var ein lærar, lensmann og stortingsmann frå Kivledalen i Seljord. Han var medlem av Venstre.
Olaf Sveinsson | |||
Fødd | 18. desember 1842 Seljord kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 1. april 1922 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Han var son til ein husmann på garden Gamlestaul i Kivledalen. I 1861 vart han seminarist frå Kviteseid. Same året vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Gransherad. År 1876 fekk han tilsvarande stillingar i Seljord. I 1903 slutta han lærargjerninga og vart då lensmann i Seljord.
Sveinsson var medlem av heradsstyret i Gransherad og seinare i Seljord. I 1876 vart han den fyrste postopnaren i Seljord. Han skreiv dikt og anna som vart trykt i tidsskrift og aviser.
Sveinsson representerte Bratsbergs amt på Stortinget frå 1883 til 1903. Han var 1883-88 medlem av kyrkjekomiteen, 1889-90 av justiskomiteen, 1891 av militærkomiteen. Frå 1892 til 1903 var han sekretær i konstistusjonskomiteen. Elles medlem av Lagtinget frå 1891 til han 1900-03 var sekretær i same.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Olaf Sveinsson NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv