Ole Ødegaard

norsk politikar

Ole Knutsson Ødegaard (27. november 184710. oktober 1932) var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann, ordførar, lokalhistorikar og stortingsrepresentant for Venstre.[1][2]Nils Ødegaard var bror hans.

Ole Ødegaard
Fødd27. november 1847
Død10. oktober 1932 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, skribent

Ødegaard var son av ein gardbrukar i Lomen sokn i Vestre Slidre i Oppland. Åra 1866-69 var han lærar i heimbygda, og i 1869 var han ferdig utdanna seminarist frå Hamar. Deretter var han styrar av ein folkehøgskule i Vestre Slidre frå 1870 til -74. År 1870 kjøpte han garden Løken av svigerfaren og dreiv sidan denne. Frå 1875 var han lærar og kyrkjesongar i Vestre Slidre, eit arbeid han hadde til 1889. Perioden 1889-191? var han lensmann.

Ødegaard var ordførar i heimbygda 1883-93. Han var også sparebankkasserar 1880-88 og forlikskommissær frå 1899. Ei tid var han formann for anleggsstyret for Valdresbanen.[3] Han var òg medlem av den statlege sivilprosesskommisjonen 1891-1907.

Ødegaard var vald stortingsrepresentant 1889-97 og 1904-06.[4] Han møtte elles fyrste gongen på Stortinget 30. april 1883 som varamann for Thomas Jørstad, også i 1885 kom han inn på Stortinget eit stykke ut i sesjonen, for same Jørstad, han var i 1883 medlem av konstitusjonskomiteen. Perioden 1889-91 var han medlem av og 1892-97 sekretær i vegkomiteen, 1904-06 atter medlem av same. Elles var han i 1893 medlem av kontraktørkomiteen og 1895-97 sekretær i Odelstinget.

Han skreiv sju bind lokalhistorie under samletittelen Gamalt fraa Valdres, utgjeve mellom 1911 og 1932.[5] Han var statsstipendiat frå 1917. Frå 1917 var han statsstipendiat.

Ødegaard vart tildelt 7. juni-medaljen.

KjelderEndra

  1. Ødegaard, N. (1853-1921) (1918). Kristians amt 1814-1914: en kort oversigt. Kristiania: Grøndahl. s. 553 og 564. 
  2. Valdres: jubileumsnummer 1903-1953. Fagernes. 1953. 
  3. Ødegaard, O.K. (1847-1932) (1904). Valdresbanen: (begyndelse til en redegjørelse). Kristiania. 
  4. Ødegaard, O.K. (1847-1932) (1937). Vestre Slidre 1837-1937: minneskrift. Gjøvik. 
  5. Ødegaard, O.K. (1847-1932) (1997). Gamalt fraa Valdres. [Fagernes]: [Valdres historielag].