Ole Anderssen

Ole Andreas Syrenus Anderssen (1. april 183118. desember 1913) var ein lærar og stortingsmann frå Bodin i Nordland.

Ole Anderssen
Fødd1. april 1831
Bodø
Død18. desember 1913 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkelærar, politikar

Far til Anderssen var husmann og fiskar. Sjølv byrja han som omgangsskulehaldar 1850-51, før han gjekk Tromsø seminar. Etter å ha vorte seminarist i 1853 var han i tre år lærar heime i Bodin. 1858 var han lærar i Hammerfest, året etter ved Alta koparverk. Frå 1861 var han lærar og kyrkjesongar i Beiarn. 1885-1911 var han kasserar for Nordlands medisinalfond, busette seg då på Hesnes i Bodin.

Anderssen var medlem av formannskapet i Beiarn 1869-84, ordførar 1879-84. Medlem av 1889-90 av formannskapet i Bodin og av forlikskommisjonen 1889-1910. Han var 5. representant frå Nordlands amt både perioden 1880-82 og 1883-85. I den fyrste perioden medlem av protokollkomiteen, i den siste av budsjettkomiteen.

KjelderEndra