Ole Andreas Furu

norsk advokat og politikar

Ole Andreas Furu (26. desember 184128. november 1925) var ein norsk jurist, stortingsrepresentant og statsråd, fødd i Trondheim.

Ole Andreas Furu

Fødd26. desember 1841
Trondheim
Død28. november 1925 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat, banksjef
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1880–1882)
  • Norsk finansminister (1893–1895)
  • Norges indreminister (1890–1891)
  • Norges revisjonsminister (1894–1895)
  • ordførar i Kristiansund (1877–1877)
  • ordførar i Kristiansund (1885–1888)
  • stortingsrepresentant (1886–1888)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1889–1890)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1895–1895)
  • fylkesmann i Oslo og Akershus (1895–1918) Sjå dette på Wikidata

Far til Furu var gardbrukar i Sunndal. Sjølv arbeidde han i fire år på kontoret til sorenskrivaren i Nordmøre. I 1864 vart han student frå Heltbergs studentfabrikk i Christiania og så cand. jur. i 1867. Same året vart han fullmektig hos sorenskrivaren i Nordmøre, året etter byrja han som sakførar i Kristiansund. Administrerande direktør i Kristiansunds Kreditbank 1875-89. Han var med i bystyret frå 1875 til 1889, i fleire år ordførar.

Furu representerte Kristiansund på Stortinget i to valperiodar, høvesvis frå 1880 og frå 1886. Siste gongen vart valet underkjent, men han vart vald også ved omvalet. I 1880 var han medlem, 1881-82 sekretær av budsjettkomiteen. 1886-88 var han medlem av næringskomite nr 1. I den siste perioden representerte han den ferske partigrupperinga Høgre.

Han var 1887-89 medlem av ein kongeleg kommisjon om sildefisket, og av komiteen om mellomrikslova 1889. I 1892 var han medlem av den departementale konsulatkomiteen.

Furu var statsråd i to regjeringar. 1889-91 var han fyrst ved statsrådsavdelinga i Stockholm, deretter leia han Indredepartementet. I 1893-95 var han sjef for Finansdepartementet og i ei tid Revisjonsdepartementet, før han atter var eit par månader i Stockholm.

Frå 1895 til 1918 var Furu amtmann i Akershus. Han døydde i 1925 i Oslo. Amtmann Furus plass i Oslo er kalla opp etter han.

Kjelder endre