Ole Edvard Antonsen

Ole Edvard Antonsen (fødd 25. april 1962) er ein norsk trompetist og dirigent. Han har tidlegare vore tilsett i Oslo Filharmoniske orkester, men har etterkvart arbeidd mest som frilansmusikar og dirigent, det siste særleg for Luftforsvarets musikkorps.[1] Han er internasjonalt anerkjend, og har ofte opptredd som trompetsolist.

Ole Edvard Antonsen
Ole Edvard Antonsen 2008.jpg
Fødd25. april 1962 (58 år)
FødestadVang
OpphavNoreg
Instrumenttrompet
PlateselskapEMI Classics
Verka somtrompetist, musikar
PrisarSpellemannprisen i åpen klasse

Antonsen er aktiv innan eit vidt spekter av sjangrar og spelar musikk innan klassisk, kammermusikk, barokk, jazz og meir popretta stilar. Han har gjeve ut ei rekkje plater og delteke som solist på ei rekkje utgjevingar med andre artistar. For plata Tour De Force vann han Spellemannprisen 1992 i open klasse. Albumet har selt over 140 000 eksemplar i Noreg. I 1995 fekk han Gammleng-prisen i klassen klassisk. 17. august 2007 blei han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Ole Edvard Antonsen er son av orkesterleiaren Odd R. Antonsen og bror av musikarane Jens Petter og Tom Erik Antonsen.

DiskografiEndra

  • The Virtuoso Trumpet (1989) (med Einar Henning Smebye på piano)
  • Tour De Force (1992)
  • Trumpet Concertos (1993) (med English Chamber Orchestra og dirigent Jeffrey Tate)
  • Popular Pieces for Trumpet & Organ (1994) (med Wayne Marshall på orgel)
  • Shostakovich Concerto for Piano and Trumpet (1995) (med Berlin Philharmonic Orchestra, dirigent Mariss Jansons og Mikhail Rudy på piano)
  • Read My Lips (1997)
  • Twentieth-Century Trumpet (1998) (med Wolfgang Sawallisch på piano)
  • New Sound of Baroque (2000) (med broren Jens Petter Antonsen på trompet og TrondheimSolistene)
  • Ars Nova (2002) (med Solveig Kringlebotn og Wolfgang Plagge på piano)
  • The Golden Age of the Cornet (2007) (med Kongelige Norske Marines Musikkorps og Ingar Bergby dirigent)
  • Nordic Trumpet Concertos (2007) (med Nordiska Kammarorkestern og Christian Lindberg dirigent)
  • Landscapes (2008)
  • Sommer i lufta (2008 med Bjarne Brøndbo og Luftforsvarets musikkorps)
  • Desemberstemninger (2009)

Deltakingar i andre utgjevingar (utdrag)Endra

  • Ut av havet 1990
  • With Strings Attached (2002) utgitt av Willem Breuker Kollektief
  • Jan van der Roost In Flanders' Fields Vol.39 (2003) musikk av Jan van der Roost
  • Absolute (2004) utgitt av Spanish Brass Luur Metalls
  • Frelsesarmeens Juleplate (2004)
  • Earthsongs utgitt av Secret Garden (Grace)

ReferansarEndra

  1. [1][daud lenkje] Student-TV – Trondheims nye scene